HeimNyheiterSmittekarantene for personar under 18 år

Smittekarantene for personar under 18 år

Kommunen har i dag vedteke ei forskrift om at personar under 18 år ikkje skal ha fritak for smittekarantene fram til og med 21.12.2021.
Publisert: 15.12.2021
Sist endra: 16.12.2021

De nasjonale reglane gir unntak for barn under 18 år frå smittekarantene ved nærkontakt med ein smitta som dei ikkje bur saman med, eller har nær relasjon med - som for eksempel ein skulekamerat.

Kommunen innfører no ei lokal forskrift, som fjernar unntaket frå krav om smittekarantene for dei under 18 år. Dette betyr at barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein med påvist smitte, må vera i smittekarantene. Dette gjeld til og med tysdag 21.12.2021 kl. 24.00.

Fleire andre kommunar i bergensområdet har gjort tilsvarande forskriftsvedtak.

Formålet med forskrifta er å avgrensa spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikra forsvarleg kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester. 

Forskrifta trer i kraft torsdag 16.12.2021 kl. 00.00 og varer til tysdag 21.12.2021 kl. 24.00.

Frå og med onsdag 22.12.2021 gjeld dei nasjonale reglane, som seier at barn og unge under 18 år som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære ikkje må gå i smittekarantene. Dette betyr også at dei som er i karantene tysdag 21.12.2021, automatisk går ut av karantenen når den lokale forskrifta vert oppheva. 

Forskriftstekst

Forskrift om smittekarantene for personar under 18 år i Samnanger kommune, Vestland

Heimel: Fastsett av ordføraren og rådmannen, i samråd med kommuneoverlegen i Samnanger kommune 15. desember 2021 med heimel i heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1 jf. Samnanger kommune sitt delegeringsreglement punkt 14.2 bokstav a.

§ 1. Formål
Formålet med forskrifta er å avgrensa spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikra forsvarleg kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester.

§ 2. Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Samnanger kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk
Reguleringa i dette vedtaket (denne forskrifta) kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale og lokale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Krav om smittekarantene for personar under 18 år
Unntak frå krav om smittekarantene for personar under 18 år etter covid-19-forskriften § 4i fjerde ledd bokstav c gjeld ikkje i Samnanger kommune. Dei følgjer forskrifta som for dei over 18 år, med det unntak at dei kan ta hurtigtest framfor PCR-test.

§ 5. Ansvar
Samnanger kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 6. Straff
Forsettleg eller grovt aktlaust brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 7. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft torsdag 16. desember 2021 kl 00.00 og varer til tysdag 21. desember 2021 kl. 24.00.

 

Trykk her for å lesa forskrifta på lovdata.no.