HeimNyheiterSamnanger innfører nye smitteverntiltak

Samnanger innfører nye smitteverntiltak

I dag innfører Samnanger og seks andre kommunar i bergensregionen ei lokal forskrift om munnbind og strengare karantenereglar.
Publisert: 10.12.2021
Sist endra: 05.01.2022

Smittesituasjonen i bergensregionen gjer at det er behov for fleire tiltak enn dei regjeringa har innført. I dag innfører kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden ei lokal forskrift om munnbind og strengare karantenereglar. 

Trykk her for pressemelding om saka.  

Forskrifta gjeld frå kl. 12.00 fredag 10.12.2021, og inneheld følgjande tiltak: 

Påbod om bruk av munnbind

Påbod om bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand. Påbodet gjeld på alle innandørs offentlege stader, innandørs offentlege arrangement, på kollektivtransport og i taxi.

Påbodet gjeld ikkje barn under 12 år, eller dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind. Det er også unntak for elevar i barneskulen, i undervisningssituasjonar m.m. Sjå forskriftsteksten nedst på denne sida for nærmare informasjon. 

Karanteneplikt

Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære til personar som har fått påvist smitte (SARS-CoV2) frå og med 10.12.2021, når det ikkje er mistanke om omikronvarianten.

Karanteneplikta gjeld i 10 dagar frå siste kontakt med personen med påvist SARS-CoV2. 

Dersom husstandsmedlem ikkje kan leve heilt isolert frå den som er smitta, skal vedkomande vera i karantene i like lang tid som den smitta er i isolasjon, og vidare i 10 dagar. Karantenen gjeld i alle aldrar, og uavhengig av vaksinestatus og gjennomgått covid-19-infeksjon. 

Varigheit for den lokale forskrifta

Den lokale forskrifta gjeld i perioden 10.12.2021 kl. 12.00 - 24.12.2021 kl. 12.00. Forskrifta kan bli forlenga. 

Karantenereglar ved mistanke om omikron-smitte

Regjeringa har innført eigne karantenereglar ved mistanke om omikron-smitte. Desse reglane kan du lesa meir om på regjeringen.no

 

Les heile den lokale forskrifta her

Trykk her for å lesa forskrifta på lovdata.no

Forskrift om smitteverntiltak, Samnanger kommune, Vestland

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen i Samnanger kommune 10. desember 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å avgrense spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikre forsvarleg kapasitet i helse- og omsorgstenestene.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Samnanger kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følger av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrifta og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Plikt til å bruke munnbind

Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind på alle innandørs offentlege stader, innandørs offentlege arrangement, på kollektivtransport og i taxi.

Med offentleg stad meinast ein stad som er bestemt for alminneleg ferdsel eller stad der slik ferdsel reint faktisk finn stad. At området er privat eigd, og eigaren kanskje heller ikkje ønskjer ferdsel, er ikkje avgjerande viss slik ferdsel reint faktisk finn stad.

På stader med servering gjeld påbod om munnbind når ein beveger seg fram til angitt bord og elles når ein skal bevege seg i lokalet.

Krav om å bruke munnbind gjeld ikkje for:

  • barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind
  • elevar i barneskulen
  • i undervisningssituasjonar på ungdomsskule og vidaregåande skule
  • på arbeidsplassar og for tilsette i butikkar som er beskytta med plexiglass eller liknande
  • utøvarar på idretts- eller kulturarrangement eller liknande
  • personar som sjølv driv idrett (treningssenter eller liknande)

§ 5. Smittekarantene for husstandsmedlemmar

Føresegna her gjeld for husstandsmedlem og tilsvarande nære (eksempelvis kjærast), til ein person som har fått påvist SARS-CoV-2 med hurtigtest eller PCR frå og med 10. desember 2021, når det ikkje er mistanke om omikronvarianten.

Husstandsmedlem og tilsvarande nære (eksempelvis kjærast) til ein person med påvist SARS-CoV-2 skal i karantene i 10 dagar frå siste kontakt med personen med påvist SARS-CoV-2. Dersom husstandsmedlem ikkje kan leve heilt isolert frå den som er smitta, skal vedkommande vere i karantene i like lang tid som den smitta er i isolasjon, og vidare i 10 dagar. Karantenen gjeld i alle aldrar, og uavhengig av vaksinestatus og gjennomgått covid-19-infeksjon

Dei som har karanteneplikt etter denne forskrifta skal testast med PCR-test så snart som råd, og på dag 7 etter nærkontakten. Ved negativ test på dag 7 etter nærkontakten, kan karantenen avsluttast.

Personar i smittekarantene skal opphalde seg i eigen bustad eller anna eigna opphaldsstad, og kan berre opphalde seg utanfor opphaldsstaden viss dei kan unngå nærkontakt med andre enn dei som dei bur i lag med. Dei som er i karantene, kan ikkje vere på ein arbeidsplass der òg andre oppheld seg, på skule eller i barnehage. Det er ikkje tillate å bruke offentleg transport.

Unntak frå karanteneplikta:

Helsepersonell som er kritisk for forsvarlege helse- og omsorgstenester, og anna samfunnskritisk personell, kan i særskilte tilfelle fritakast frå karantene i arbeidstida, etter individuell vurdering og avtale med arbeidsgjevar. Arbeidstakaren skal ha negativ hurtigtest dagleg før oppmøte på arbeid, i tillegg til å følgje testregimet gitt over. Det skal også nyttast nødvendig smittevernutstyr på jobb.

§ 6. Ansvar

Samnanger kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 7. Straff

Forsettleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 8. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft fredag 10. desember 2021 kl.12.00 og varer til fredag 24. desember 2021 kl. 12.00.

Oversikt over smittervernreglar for Samnanger

Trykk her for oversikt over smittevernreglar for Samnanger.