Sivilforsvaret testar flyalarmane i Noreg 11.01.2023
Onsdag 11.01.2023 kl. 12.00 vil Sivilforsvaret testa flyalarmane i alle kommunar i Noreg som har varslingsanlegg. Det er ikkje varslingsanlegg i Samnanger.
Publisert:
10.01.2023
Sist endra:
10.01.2023
To gongar i året, i januar og juni, testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekka at dei virkar og for å reparera dei som er defekte.
Det er om lag 1250 varslingsanlegg i Noreg, og desse er stort sett plasserte i byar og tettstader. Varslingsanlegga kan høyrast av om lag halvparten av befolkninga. Det er ikkje varslingsanlegg i Samnanger.
Onsdag 11.01.2023 kl. 12.00 testar Sivilforsvaret varselet "Viktig melding – søk informasjon", i alle kommunar som har varslingsanlegg. Varslingssignalet vil bli sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.