HeimNyheiterSmitteoppdatering pr. torsdag 02.12.2021

Smitteoppdatering pr. torsdag 02.12.2021

Det er pr. torsdag 02.12.2021 påvist to nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering måndag 29.11.2021.
Publisert: 03.12.2021
Sist endra: 03.12.2021

Ingen av dei to nye tilfella har tilknyting til barnehage eller skule som kan ha medført spreiing av smitte der. 9 personar er no i isolasjon.

I tida frå 07.11.2021 har me hatt høgt smittetrykk i Samnanger. Dette skuldast utbrot på barneskulen og mange spreidde tilfelle av smitte i befolkninga elles. Smittetrykket har den siste veka vore synkande.

Frå 07.11. til 21.11.2021 hadde me eit utbrot på 7. klassetrinn med til saman åtte smitta. Siste elev er no avisolert.

Frå tysdag 23.11.2021 har til saman fire elevar i 5. klasse testa positivt. Og me har difor eit nytt utbrot på barneskulen. Smittevegen er usikker.

Det er ikkje påvist fleire smitta elevar på barneskulen sidan onsdag 24.11.2021. Situasjonen på 5. klassetrinn er no oversiktleg og utbrotet ser ut til å vera over.

Det er ikkje påvist fleire smitta elevar på ungdomsskulen sidan tysdag 16.11.2021. Det er ikkje påvist fleire smitta i barnehagane sidan onsdag 10.11.2021.

Det er sett inn smitteavgrensande tiltak på barneskulen, m.a. jamleg testing to gonger per veke. Elevane på 5. klassetrinn kan gå på skulen om dei er friske og testar negativt på den jamlege testinga, samstundes kan det vere lurt å ikkje vere nær eldre og personar i risikogruppa nokre dagar til.

Foreldre som har barn som skal/bør halda seg heime frå skulen har fått særskild beskjed om dette. Barn på alle klassetrinn som er friske kan gå på skulen som vanleg. Ved symptom skal ein halde seg heime og testa seg.

Alle naudsynte tiltak overfor dei smitta i Samnanger og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. i Samnanger som treng tiltak er varsla.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.

Barn toler covid-19-sjukdom godt. Det viktige er å hindra at smitta barn fører smitta vidare til eldre og personar i risikogruppa.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 76 smitta med opphaldadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

Lokal forskrift om smitteverntiltak i Samnanger

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger, har kommunen vedteke lokal forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstadar. Forskrifta gjeld til og med 20.12.2021.

Trykk her for informasjon om forskrifta

Koronatelefonen i Samnanger

Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen. Denne er open kvar dag kl. 09:00-14:00. Tlf. nr.: 96 62 69 68. Om det er kø på linja kan du senda sms.

Smittevernreglar og tilrådingar

Nedanfor finn du oversikt over smittevernreglar og tilrådingar:

Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger