HeimNyheiterSøker ansvarlege, unge vaksne til ettermiddagstilbod for ungdom

Søker ansvarlege, unge vaksne til ettermiddagstilbod for ungdom

Samnanger kommune søker etter to unge vaksne som kan vera arrangørar og ansvarlege for eit nytt ettermiddagstilbod for ungdom.
Me ser for oss ein open møteplass for ungdom etter skuletid og utover ettermiddag/kveld èin gong i veka. Dei kreative detaljane rundt tilbodet ønskjer me at du er med på å planlegge.

Arbeidsoppgåver:

  • Arrangere ettermiddagtilbod for ungdom
  • Vera ansvarleg for gjennomføring


Me søkjer deg som:

  • er mellom 20 og 30 år
  • er ansvarleg og ikkje redd for å ha ansvar
  • er utadvent og god på å kommunisera med ungdom
  • er inkluderande og god på å sjå den enkelte
  • kan relatere deg til ungdommen i dag
  • er kreativ og løysningsorientert
  • møter andre mennesker på ein respektfull og open måte

Praktisk informasjon:

  • Arbeidsstad er i hovudsak biblioteket og stillingane vil ligga til eining for kultur.
  • Arbeidsdag vert avklart i dialog med dykk.
  • Tilbodet er del av eit prosjekt som førebels vil vara ut 2024.
  • Det er i utgangspunktet snakk om 4-5 timar arbeidsdag med oppstart ca. kl. 14.00.
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Politiattest må leggast fram.

Send skriftleg søknad på epost til post@samnanger.kommune.no

 

For spørsmål kring stillingsutlysinga ta kontakt med:

Meline H. Haugland
Mob: 91 16 68 23
Epost: meline.heimdal.haugland@samnanger.kommune.no


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 11.03.2024