HeimNyheiterSøknad om redusert foreldrebetaling i SFO

Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO

Familiar/husstandar har rett til å ikkje betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein SFO-plass for barn på 1.-2. årstrinn.
Publisert: 18.02.2021
Sist endra: 18.02.2021

Ordninga er søknadsbasert.

Ordninga vart innført med verknad frå 01.08.2020, og er heimla i § 1B-1 i forskrift til opplæringslova.

Ordninga er søknadsbasert. Det vil seia at familien/husstanden må søkja om redusert foreldrebetaling. Dette er ikkje noko ein får automatisk. Om husstanden si totale inntekt er 485 000 kroner pr. år eller lågare, så er det aktuelt å søkja om redusert foreldrebetaling. Det må søkjast på nytt for kvart skuleår.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er den 10. i kvar månad. Dersom søknaden vert innvilga, vil ordninga gjelda frå den påfølgjande månaden.

OBS! For skuleåret 2020/2021 er det tilbakeverkande kraft frå 01.08.2020. Søknadsfrist her er seinast 01.04.2021.

For å finna ut om du fell inn under ordninga kan du ganga månadsprisen per born med 11 månader. Dersom summen overstig 6 prosent av hushaldninga si samla inntekt, har du rett på redusert foreldrebetaling.

Søknadsskjema
 Kva meinest med ”husstanden”?

Med i husstanden reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra (delt bustad), skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet er folkeregistrert.

Kva slags dokumentasjon må følgja søknaden?

Nyaste skattemelding (sjølvmelding) skal leggast ved søknaden som dokumentasjon. Skattemeldinga vil normalt innehalda dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom det er skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er registrert på skattemeldinga av skattepliktig person – eller kapitalinntekt, er søkjar pliktig til å opplysa om dette på søknadskjemaet.

Søkjar kan i tillegg leggja fram annan dokumentasjon på inntekt dersom inntekta har endra seg vesentleg og varig sidan siste skattemelding. Det er ikkje nødvendig å leggja ved dokumentasjon på inntekter utbetalt frå NAV. Om det er tvil om inntektssituasjonen, så kan NAV innhenta ytterlegare opplysningar frå søkjar.

Søkjar er sjølv ansvarleg for å levera rett dokumentasjon.

Det må søkjast på nytt om inntektsgradert foreldrebetaling kvart skuleår, med ny og gjeldande dokumentasjon. 

Kontaktinformasjon til kommunen

I Samnanger kommune er det NAV Samnanger som handsamar søknadane.

Spørsmål kan rettast til NAV Samnanger ved Lisbeth Aadland  - tlf. 55 55 33 33, eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no.