HeimNyheiterSmittesituasjonen i Samnanger

Smittesituasjonen i Samnanger

Det er 12.11.2021 påvist eitt nytt smittetilfelle i Samnanger.
Publisert: 12.11.2021
Sist endra: 12.11.2021

Det er så langt i dag (fredag 12.11.2021 kl. 17.00) påvist eitt nytt smittetilfelle i Samnanger. Dette gjeld ein elev på 8.-klassetrinnet på ungdomsskulen. Det er ikkje påvist fleire smitta på barneskulen.

Det er dermed påvist til saman 13 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021. Tolv av desse er altså knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen, medan ein person er smitta via ein annan smitteveg og har ikkje noko med utbrotet å gjera. 

Utbrotet omfatter seks elevar på 7. klassetrinn, ein elev på 4. klassetrinn, ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen, to nærkontaktar og to andre i tilknyttning til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage. 

Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å begrensa smitten. Og det er altså så langt ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til barnehagen.

Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane. 

Alle naudsynte tiltak overfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular m.m. som treng tiltak er varsla. 

Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Me minnar om følgjande:

  • Hald deg heime og test deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom


For tida tilrår me òg følgjande:

  • Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
  • Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
  • Reduser antal nærkontaktar
  • Husstandsmedlemmar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom


Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen.

Ver merksam på at me har begrensa antal sjølvtestar for utlevering. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 40 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.

Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.