HeimNyheiterStengd veg - frå Hagabakkane 63 og opp til idrettsanlegget

Stengd veg - frå Hagabakkane 63 og opp til idrettsanlegget

Det vil frå 23.01 til 31.05 verta arbeid med vegutbedring i Hagabakkane.
Det er inngått kontrakt med Hylland AS og dei er alt i gang. Me gledar oss til samarbeidet med dei. Det var 4 entreprenørar som gav inn tilbod i konkurransen.

Det skal i øvre del av Hagabakkane, frå Hagabakkane 63 og opp til idrettsanlegget, arbeidast med vegutbedring. Det skal bårast, sprengast og sikrast på oppsida av vegen. Svingen ved bekken vert retta ut og siktlinjene vert bedre fleire plassar oppover. Til slutt vert da ny asfalt.

Me må stenga vegen heilt, frå måndag kl 07.00 til fredag kl 14.00. Ingen gjennomkjøyring i dette tidsrommet heller ikkje på kveldstid eller natt. I helga er vegen open. Det er eit veldig trangt anleggsområdet og entreprenøren må ha heile vegbreidda til å få sprenge/lagt masser i tillegg til arbeidsmaskinene.
Me kan ikkje ha folk og bilar i tillegg å ta hensyn til i dette arbeidet. Mange går tur i området og eg håpar dei finn andre plassar å gå i vekene. Når sirena for varsling av fare går har ein kort tid før salva går av. Alle skal trygt heim, vis hensyn til dei som skal gjera arbeidet.

Får entreprenøren god framdrift i arbeidet sitt vil me kunna opna vegen tidlegare enn det som er gitt arbeidsvarslingsvedtaket på til 31.05.23.

Det vert mykje steinmassar og dei skal nyttast i området. Me gjer alt me kan for å få minst mogleg transport av masser. Transporten skal gå via Tveit og Frøland. Noko massar skal nyttast til utviding av parkeringsplassen i Hagabotnane og i den nye turvegen frå Bjørkhaugen til Hagabotnane.

Grunneigarane i øvre del av Hagabakkane har vore veldig positive og me håpar at me kan få til grunneigaravtaler i nedre del av Hagabakkane. Me har lagt inn ein opsjon i kontrakten i dette området

Det vert ofte verre før det vert bedre. Det vert ulemper for mange i ein periode men resultatet vert bra til slutt.

Ved spørsmål ta kontakt med:
Entreprenør Hylland AS,
Anleggsleiar Vidar Rykkje mobil 90050061
Bergsprengingsleiar Ruben Ludviksen mobil 40435960 eller kontaktperson i kommunen Tone Tysseland Holmefjord 90069447

Nabovarsel sprengningsarbeider

Hylland AS skal utføre sprengningsarbeider i forbindelse med utbedring av vegen i Hagabakkane, arbeidsområdet er markert med rødt i kartet. Dette er en jobb vi i Hylland AS skal utføre for Samnanger kommune. Bore og sprengnings arbeider er arbeid som vil kunne forårsake støv og støy og rystelser, men det vil være fokus for alle involverte om å forsøke å utføre jobben på en mest mulig skånsom måte med tanke på omgivelsene. Det vil bli utført kontinuerlig kontroll ved rystelsesmålinger på utvalgte bygg, slik at vi kan holde rystelsene så lave som mulig.

Oppstart sprengningsarbeider er forventet i uke 4 eller 5.

Sprengningsarbeider vil være periodevis og aktuelt under hele prosjektets varighet, forventet avslutning av prosjektet er Mai 2023.

Rutiner ved sprengning:
-Det plasseres ut vakter for å sørge for at personer, trafikk og dyr ikke kommer inn i risikoområdet.
-Varsling fare skjer ved hjelp av pulserende sirene. (ca 2 minutter)
-Fare over når sirene slår seg av
Utover våre tiltak for å utføre jobben på en mest mulig sikker måte, ønsker vi å be alle i nabolaget om å respektere når fare signalet blir gitt, samt følge anvisning fra vaktene.

Spørsmål vedrørende sprengningsarbeidene kan rettes til:
Bergsprengningsleder i Hylland AS Ruben Ludviksen
tlf; 40435960
mail; ruben@hyllandas.no


Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 25.01.2023