HeimNyheiterTilrådingar for påskeferien

Tilrådingar for påskeferien

Tilrådingar til innbyggjarar i Samnanger for å hindra koronasmitte i påskeferien.
Publisert: 23.03.2021
Sist endra: 23.03.2021

Mutert virusvariant av koronasmitten har ført til at smitten no har spreidd seg svært raskt i enkelte område i våre nabokommunar.  Det er viktig å understreka viktigheita av å møta minst mogleg folk, reisa minst mogleg og ikkje gjennomføra unødvendige reiser til, eller delta på arrangement i, andre kommunar. Me åtvarar særskilt mot å ta imot besøk frå område med stort smittetrykk, som t.d. Oslo og Viken.

Sjå også eiga nyheitssak om regjeringa sine tilrådingar for påska.