HeimNyheiterTilskot til fordeling til frivillige organisasjonar som følgje av ekstraordinære straumprisar

Tilskot til fordeling til frivillige organisasjonar som følgje av ekstraordinære straumprisar

Stortinget løyvde 17. februar 2022 250 millionar kroner til frivillige organisasjonar som følgje av ekstraordinære straumprisar, til fordeling i kommunar som hadde ein gjennomsnittleg straumpris i desember på over 70 øre per kWt. Tilskotet vert utbetalt som eingongsbeløp til kommunen, til vidarefordeling til frivillige organisasjonar. 

 

Mål for tilskotsordninga
Målet med tilskotsordninga er å motverke at dei høge straumprisane fører til redusert aktivitet og høgare deltakaravgifter i frivillige organisasjonar.

 

Krav til organisasjonar som mottar støtte gjennom kommunane:

  • Alle frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret har rett på tilskot.
  • Andre verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar og har utgifter til straum eller fjernvarme har rett på tilskot . Det gjelder til dømes i dei tilfelle kor eit idrettslag har oppretta eit aksjeselskap for å drifta idrettsanlegget. Det viktige er at frivillige organisasjonar (og tilknytt verksemder) som har straum-eller fjernvarmekostnader får tilskot, uavhengig av korleis eigarskap og driftsform på verksemda som har straum-eller fjernvarmeavtala er organisert.
  • Andre verksemder med særleg innslag av frivillig verksemd kan søka om tilskot. Det gjelder til dømes grendehus eigd av samvirke der frivillig innsats er avgjerande for drifta. Kommunen skal gjera ei konkret vurdering av om verksemda vert sett som frivillig drevet.
  • Organisasjonar som leiger lokale kor dei dekker faste straum-eller fjernvarmekostnader kan òg søke.
  • Alle søkarar må kunne dokumentere utgifter til straum eller fjernvarme.

Kommunale eller kommersielle verksemder kan ikkje få tilskot. Det er ikkje høve til å få dekka auka straumutgifter i private heimar.

 

Søkarar vert bedt om å gje følgjande informasjon:
- Namn på organisasjon
- Organisasjonsnummer
- Kontaktinformasjon
- Kontonummer
- KWt forbruk desember og januar
- Kommentarfelt
- Straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg

 

Sende søknad
Lotteri-og stiftelsestilsynet har oppretta eit nasjonalt søknadsskjema.
Dersom din organisasjon har eit organisasjonsnummer sender du inn søknaden her.

Om organisasjonen din ikkje har eit organisasjonsnummer kan du ikkje nytte det nasjonale søknadsskjema. Då må du sende søknad direkte til kommunen. Søknaden kan sendast på epost til postmottak@samnanger.kommune.no. Merk søknaden Søknad om nasjonal støtte til ekstraordinære straumprisar. Søknaden skal innehalda same informasjon som lista opp over.

 

Sjå her for meir informasjon om ordninga:
Retningslinjer for strømstøtteordningen for frivillige organisasjoner

 


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022