HeimNyheiterTo nye smittetilfelle i Samnanger

To nye smittetilfelle i Samnanger

Det vart 17.10.2021 påvist to nye smitta i Samnanger. Dei to personane er i aldersgruppa 0-10 år.

Smittevegen er kjend og har samanheng med dei andre smittetilfella den siste tida. Det er dermed påvist 6 covid-19-smitta i Samnanger dei siste 2 vekene.

Smittesporing er utført. 1 personar er sett i karantene. Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag. 

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei nærmaste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag. 

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane. 

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 25 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.


Sist oppdatert: 18.10.2021
Publisert: 18.10.2021