HeimNyheiterFleire nye smittetilfelle i Samnanger

Fleire nye smittetilfelle i Samnanger

Det er måndag 08.11.2021 påvist fleire nye smittetilfelle i Samnanger.
Publisert: 08.11.2021
Sist endra: 08.11.2021

Det er i løpet av måndag 08.11.2021 påvist fleire nye smittetilfelle i Samnanger. Oppsummert er det frå søndag 07.11.2021 til måndag 08.11.2021 påvist fem nye smittetilfelle. Det gjeld tre elevar på Samnanger barneskule og ein vaksen og ein eldre. Smittevegen er kjend. 

Smittesporing er utført. To personar er sett i karantene, og det er innført eit alternativt dagleg testregime for aktuelle elevar, føresette og lærarar som er symptomfrie. Alle aktuelle personar på barneskulen elles i Samnanger har altså fått beskjed.

Ingen andre institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag.

Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei nærmaste dagane.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhaldsreglar er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Ein minnar om at elevar og tilsette på Samnanger barneskule må halde seg heime hvis ein utviklar symptom på covid-19, og at ein i tillegg testar seg raskt same dag.


Det er sidan mars 2020 påvist totalt 32 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.