To nye smittetilfelle i Samnanger
Det er pr. søndag 14.11.2021. kl. 15:00 påvist to nye smittetilfelle i sidan førre utbrotsoppdatering fredag 12.11.2021.
Den eine smitta er ein vaksen som har ukjend smitteveg og som ein ikkje set i forbindelse med utbrotet på barneskulen.
Den andre er ein elev på 1. klassetrinnet, men som sannsynlegvis ikkje er smitta på skulen.
Det er dermed påvist til saman 15 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021. 13 av desse er knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen. To personar er smitta via annan smitteveg og har ikkje noko med utbrotet å gjera.
Utbrotet på med utgangspunkt på barneskulen omfatter seks elevar i 7. klasse, ein elev i 4. klasse, ein elev i 6. klasse, ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen, to nærkontaktar og to andre i tilknytning til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage.
Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å begrensa smitten
Det er sidan onsdag 10.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til barnehagen.
Det er sidan fredag 12.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til ungdomsskulen.
Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.
Alle naudsynte tiltak overfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular m.m. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.
Me minnar om følgjande:
- Ha låg terskel for å halda deg heime og testa deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom.
For tida tilrår me òg følgjande:
- Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
- Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
- Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
- Reduser talet på nærkontaktar
- Husstandsmedlemmar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom
Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen.
Ver merksam på at me har begrensa antal sjølvtestar for utlevering. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 42 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.