HeimNyheiterTo nye smittetilfelle i Samnanger

To nye smittetilfelle i Samnanger

Det er pr. tysdag 16.11.2021 kl 21:00 påvist to nye smittetilfelle sidan forrige utbrotsoppdatering måndag 14.11.2021
Publisert: 17.11.2021
Sist endra: 17.11.2021

Det er pr. tysdag 16.11.2021 kl 21:00 påvist to nye smittetilfelle i sidan forige utbrotsoppdatering måndag 14.11.2021.

Dei smitta er ein vaksen og ein elev i 9. klasse.
Dei er knytt til utbrotet på barneskulen, men høgst sannsynleg ikke smitta på skulen og har heller ikke representert noko smittefare på skulen.

Det er fram til no påvist til saman 22 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021.
18 av desse er knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen.
Fire personar er smitta via annan smitteveg og har ikkje noko med utbrotet å gjera. 5 av dei smitta er no ute av isolasjon, medan 17 fortsatt er isolerte.
Utbrotet med utgangspunkt på barneskulen omfatter åtte elevar i 7. klasse, ein elev i 6. klasse, to elevar i 4. klasse, ein elev i 1. klasse dessutan ein elev i 9. klasse og ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen.
To er vaksne nærkontaktar og to andre har tilknytning til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage.
Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å begrensa smitten.

Det er sidan onsdag 10.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til barnehagen.
Det er sidan fredag 12.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til ungdomsskulen.

Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.
Alle naudsynte tiltak ovanfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.
Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular m.m. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Me minnar om følgjande:
• Ha låg terskel for å halda deg heime og testa deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom.

For tida tilrår me òg følgjande:
• Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
• Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
• Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
• Reduser talet på nærkontaktar
• Husstandsmedlemar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom

Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen.
Ver merksam på at me har begrensa antal sjølvtestar for utlevering. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 48 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.