HeimNyheiterTre nye smittetilfelle i Samnanger

Tre nye smittetilfelle i Samnanger

Det er pr. onsdag 17.11.2021 påvist tre nye smittetilfelle sidan tysdag 16.11.2021 kl. 21:00.
Publisert: 17.11.2021
Sist endra: 17.11.2021

Dei smitta er to vaksne og ein elev i 6. klasse. To er knytt til utbrotet på barneskulen, men høgst sannsynleg ikkje smitta på skulen. Ein av desse er tilsett på barneskulen. Den tredje er sannsynligvis smitta på skulen.

Det er fram til no påvist til saman 25 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021.
20 av desse er knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen, medan fem er ikkje knytt til dette utbrotet.

Fem av dei smitta er no ute av isolasjon, medan 20 framleis er isolerte.

Utbrotet med utgangspunkt på barneskulen omfattar åtte elevar i 7. klasse, to elevar i 6. klasse, to elevar i 4. klasse, ein elev i 1. klasse, dessutan ein elev i 9. klasse og ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen.

To er vaksne nærkontaktar og to andre har tilknyting til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage og ein er tilsett på barneskulen.

Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å avgrensa smitten.

Det er sidan onsdag 10.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknyting til barnehagen.

Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak ovanfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Dei som bør halda seg heime har fått særskild beskjed om dette. Alle andre kan gå på skulen og i arbeid som vanleg.

Andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. som treng tiltak er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Me minnar om følgjande:

  • Ha låg terskel for å halda deg heime og testa deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom.

For tida tilrår me òg følgjande:

  • Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
  • Reduser talet på nærkontaktar.
  • Husstandsmedlemar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom.


Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen. Ver merksam på at me har avgrensa antal sjølvtestar for utlevering. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 52 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.