HeimNyheiterSmitteoppdatering pr. 05.12.2021

Smitteoppdatering pr. 05.12.2021

Det er pr. sundag 05.12.2021 påvist to nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering torsdag 02.12.2021
Publisert: 06.12.2021
Sist endra: 06.12.2021

Det er pr. sundag 5.12.2021 påviste to nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering torsdag 2.12.2021.

Ingen av dei to nye tilfella kan ha bringt smitte til barnehage eller skule.
Dei siste 2 vekene har 19 personar fått påvist covid-19.
Den siste veka har seks personar fått påvist covid-19.
7 personar er no i isolasjon. Smittetrykket er synkande.

I tida frå 07.11.2021 har me hatt høgt smittetrykk i Samnanger.

Dette skuldast to utbrot på barneskulen og mange spreidde tilfelle av smitte i befolkninga elles.

Frå 07.-21.11.2021 hadde me eit utbrot på 7. klassetrinn med åtte smitta. Siste elev er no avisolert.
Frå 23.-24.11.2021 hadde med eit utbrot på 5. klassetrinn med fire smitta. Siste elev er no avisolert.
Det er ikkje påvist fleire smitta i barnehagane sidan 10.11.2021. Det er ikkje påvist fleire smitta elevar på ungdomsskulen sidan 16.11.2021. Det er ikkje påvist fleire smitta elevar på barneskulen sidan 24.11.2021.
Alle naudsynte tiltak overfor dei smitta i Samnanger og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. i Samnanger som treng tiltak er varsla.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.

Barn toler covid-19-sjukdom godt. Det viktige er å hindra at smitta barn førar smitta vidare til eldre og personar i risikogruppa.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 78 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger og andre kringliggjande kommunar til Bergen, vedtok Samnanger og dei andre kommunane i Bergensregionen lokal forskrift gjeldsande frå 20.11.2021 til 20.12.2010.
I tillegg har regjeringa innført vedteke forskrift om regionale smitteverntiltak for kommunane i Bergensregionen, gjeldande frå 03.12.2021 og inntil vidare.


Trykk her for informasjon om forskrifta


Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen. Denne er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og laurdag-sundag kl 12:00-14:00. Tlf. nr.: 96 62 69 68. Om det er kø på linja kan du senda sms.

Nedanfor finn du oversikt over smittevernreglar og tilrådingar:
Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger