HeimNyheiterTrafikksikker kommune

Trafikksikker kommune

Trafikksikker kommune byggjer på ei godkjenningsordning med kriterier utarbeidd av Trygg trafikk i eit samarbeid med fylkeskommunane. Godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapeleg arbeid med trafikktryggleik.


Dei ulike einingane har jobba med trafikksikringstiltak i si eining, og etter ein prosess med gjennomgang av dokumentasjon blei Samnanger kommune formelt godkjent som trafikksikker kommune 12 juni.


Godkjenninga blei markert med besøk frå Trygg trafikk, som hadde teke turen til Samnanger kommune for å overlevere den formelle godkjenninga, gratulasjonar, blomar og kake.

Bilete over gjengen som har arbeidd med trafikksikker kommune


Rådmann Ove Sæbø, ordførar Knut Harald Frøland, kommunalsjefar og representantar frå dei kommunale sektorane deltok på markeringa, der kvar sektor oppsummerte korleis dei jobbar med trafikktryggingstiltak samla og på tvers.


Godt trafikktryggleiksarbeid skal bidra til å gje kommunen færre skadar og nøgde, trygge innbyggjarar. At ein blir godkjend, betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker, men ordninga gjer kommunen bevisste på viktigheita av å jobbe systematisk med trafikktryggleik for å skape eit enda tryggare lokalmiljø.


Kriteria for å bli godkjent som Trafikksikker kommune stiller krav til dokumentasjon frå alle dei ulike einingane i kommunen. Kriteria tek utgangspunkt i lovverk og forskrifter kommunen frå før er pålagd å følgje, slik at det ikkje vil medføre ekstra arbeid for kommunen, kun ei systematisering av trafikktryggleiksarbeidet.


For å lykkast må alle dei kommunale einingane involverast i arbeidet og den enkelte einingsleiaren ta sitt delansvar, og arbeidet må forankrast i den politiske og administrative leiinga.


Samnanger kommune mottok ros frå Trygg Trafikk for eit solid og grundig grunnlagsarbeid frå alle einingane. Samnanger Barneskule sin dokumentasjon vart særleg framheva, og denne dokumentasjonen ønskja Trygg Trafikk gjerne leggja ut på nettsida som godt eksempel for andre kommunar.


Kriterium for Trafikksikker kommune

• Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeidet hos ordføraren og rådmannen. Den enkelte etatsleiaren kan ha delansvar.
• Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikksikkerheit
• Kommunen har innarbeidd trafikksikkerheit i HMS-/interkontrollsystemet sitt. Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
• Trafikksikkerheit er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
• Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
• Trafikksikkerheit er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
• Kommunen har ein trafikksikringsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
• Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg.
• Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.

Desse sektorane/avdelingane har lagt fram og fått godkjent dokumentasjon på sitt trafikksikringsarbeid:

• Barnehagane
• Skulane
• Teknisk drift
• Planavdelinga
• Kulturavdelinga
• Kommunelegen
• Helsestasjonen
• HR-avdelinga

 

Les meir på Trygg Trafikk sine sider


Sist oppdatert: 19.06.2023
Publisert: 19.06.2023