HeimNyheiterTre nye smittetilfelle i Samnanger

Tre nye smittetilfelle i Samnanger

Det er pr. laurdag 20.11.2021 påvist tre nye smittetilfelle sida førre smitteoppdatering 17.11.2021.
Publisert: 22.11.2021
Sist endra: 29.11.2021

Dei smitta er tre vaksne. Ein er nærkontakt til elev. Dei to andre er ikkje knytt til utbrotet på barneskulen. Det er ikke påvist nye smitta på barneskulen sidan onsdag 17.11.2021.

Det er ikkje påvist nye smitta på ungdomsskulen sidan tirsdag 16.11.2021.

Det er ikke påvist nye smitta i barnehagen sidan onsdag 10.11.2021.

Det er påvist til saman 28 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021. 21 av desse er knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen, medan sju er ikkje knytt til dette utbrotet.13 av dei smitta er no ute av isolasjon, medan 15 framleis er isolerte.

Utbrotet med utgangspunkt på barneskulen omfattar åtte elevar i 7. klasse, to elevar i 6. klasse, to elevar i 4. klasse, ein elev i 1. klasse, dessutan ein elev i 9. klasse og ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen.

Tre er vaksne nærkontaktar og to andre har tilknyting til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa (ute av isolasjon) barnehage og ein er tilsett på barneskulen.

Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å avgrensa smitten.

Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak ovanfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Dei som bør halda seg heime har fått særskild beskjed om dette. Alle andre kan gå på skulen og i arbeid som vanleg.

Andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. som treng tiltak er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 55 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger, har kommunen vedteke lokal forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstader. Her finn du oversikt over reglar og tilrådingar: