HeimNyheiterTre nye smittetilfelle i Samnanger

Tre nye smittetilfelle i Samnanger

Det er pr. torsdag 25.11.2021 påvist tre nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering onsdag 24.11.2021.
Publisert: 26.11.2021
Sist endra: 26.11.2021

Det er pr. torsdag 25. november påvist tre nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering onsdag 24. november. Ein av dei smitta er elev i 6. klasse. Dei to andre er nærkontaktar i husstand til tidlegare smitta. 16 personar er no i isolasjon.

Frå 7.- 21. november hadde me eit utbrot på 7. klassetrinn med til saman åtte smitta. Siste elev er no avisolert.

I tillegg har me sidan 7. november hatt fleire spreidde tilfelle på barneskulen, på ungdomsskulen og i befolkninga ellers.

Frå tysdag 23. november har til saman fire elevar i 5. klasse testa positivt. Og me har difor eit nytt utbrot på barneskulen. Smittevegen er usikker. Det er ikkje påvist fleire smitta elever i 5. klasse torsdag.

Det er sett inn smitteavgrensande tiltak på barneskulen, m.a. jevnleg testing to gonger per veke. Barna kan likevel gå på skulen om dei er friske og testar negativt på den jevnlege testinga, samstundes kan det vere lurt å ikkje vere nær eldre og personar i risikogruppa inntil situasjonen er meir oversiktleg.

Barn på alle klassetrinn som er friske kan gå på skulen som vanleg. Ved symptom skal ein halde seg heime og testa seg.

Situasjonen på 5. klassetrinn vil vere noko uoversiktleg nokre dagar til. Og det er høg risiko for at det vert påvist fleire smitta i på barneskulen og elles dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak ovanfor dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.

Foreldre som har born som skal/bør halda seg heime frå skulen har fått særskild beskjed om dette. Alle andre personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. som treng tiltak er varsla.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.
Barn toler covid-19-sjukdom godt. Det viktige er å hindra at smitta barn førar smitta vidare til eldre og personar i risikogruppa.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 70 smitta med opphaldadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger, har kommunen vedteke lokal forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstadar. Trykk her for informasjon om forskrifta

Her finn du oversikt over smittevernreglar og tilrådingar:

Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger