HeimNyheiterTurveg mellom Bjørkhaugen og Hagabotnane idrettsplass

Turveg mellom Bjørkhaugen og Hagabotnane idrettsplass

Beskriving av ny turveg mellom Bjørkhaugen 20 og Hagabotnane idrettsplass.
Publisert: 04.01.2023
Sist endra: 10.01.2023

Turvegen skal gå opp på kommunen sin vass- og avløpstrase, men kan avvike noko der ein oppnår ei bedre heilskapleg løysing.
VA-traseen vart etablert i 1990 i samband med idrettsanlegget. Lengda på turvegen er ca 300 meter og går gjennom eit delvis bratt, smalt dalføre. Delar av traseen ligg i aktsemdkart for skred, jf. forprosjekt frå kommunegeologen. Turvegen skal vere heilårs og lyssetjast, hovudføremålet er turveg for gang og sykkel.

Anleggsarbeidet skal planleggast og utførast på ein måte som minimerer natur- og terrenginngrep og i størst mulig grad ivaretar eksisterande vegetasjon.

Delar/parti av turvegen som ligg utanfor eigedomsgrense til Samnanger kommune, er avklart med grunneigarar gjennom privatrettslege avtalar.

For meir informasjon trykk på linkane under:

Kommentar frå kommunegeologen.pdf
Lengdeprofil.pdf

 

Anleggstrafikk i utbyggingsfasen:
Anleggstrafikken og massetransport skal gjerast «oppifrå», dvs frå Hagabotnane idrettsanlegg. Må noko av anleggstrafikk gjerast frå Bjørkhaugen skal dette varslast om på førehand.

Bergknaus/ nabb i svingen mellom Bjørkhaugen 20 og Bjørkhaugen 5 skal entreprenøren pigge/justere.

Anleggsarbeidet vil pågå første halvdelen av 2023.


Utførande entreprenør:
Odland Maskin AS v / Frode Odland ( kontaktperson)
frode@odlandmaskin.no