HeimNyheiterUKM Lokalfestival laurdag 26. mars

UKM Lokalfestival laurdag 26. mars

Frist for påmelding er fredag 18. mars
Publisert: 11.03.2022
Sist endra: 11.03.2022

Laurdag 26. mars ønskjer me alle velkomne til Samnanger sin UKM-lokalfestival.
UKM står for Ung Kultur Møtes og er dei unge sin arena. Her får publikum oppleva ung kreativitet, meistring og talent. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er innan musikk, dans, teater, litteratur, film, matkultur, utstilling elle anna som kan visast fram på scena.

Er du mellom 10 og 20 år? Då kan du melda deg på UKM no. Frist for påmelding er fredag 18. mars!

For påmelding av innslag og meir informasjon klikk her