HeimNyheiterUnngå hyttebrann i påska

Unngå hyttebrann i påska

Skal du på hytta i påska?

Sjekk at røykvarslaren fungerer og ha alltid med ekstra batteri.
Næraste brannstasjon er ofte lenger unna når ein er på hytta – då er tilgang til sløkkjeutstyr viktig.

Ei stor undersøking fra 2021 viste at 1 av 10 hytter i regionen ikkje hadde fungerande røykvarslar eller sløkkjeutstyr. Dei fleste hytter er i tillegg langt frå næraste brannstasjon. Det er difor ekstra viktig å sørgje for at branntryggleiken på hytta er på topp.

Trykk her for film om branntryggleik på hytta

Følg desse tipsa for ei branntrygg påske:

1. Sjekk at røykvarslarane fungerer. Ha alltid med nye røykvarslarbatteri.
2. Sjekk at sløkkjeutstyret er i orden. Hytta skal ha same sløkkjeutstyr som i bustad.
3. Om du har gass, sjekk at du ikkje har lekkasje og at anlegget er i god stand. Vurder om du skal installere ein gassvarslar.
4. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale.
5. Skal du grille eller brenne bål må du vise aktsemd og sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å sløkkje grillen eller bålet heilt før du forlèt det.
6. Ikkje set oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.


Sist oppdatert: 03.04.2023
Publisert: 03.04.2023