HeimNyheiterUtarbeiding av ny kommuneplan

Utarbeiding av ny kommuneplan

Samnanger kommune held på å utarbeide vår nye Samfunnsplan, som vil utgjere samfunnsdelen i kommuneplanen.

Målet med arbeidet er å lage ein revidert samfunnsdel som skal bli eit godt politisk og administrativt styringsdokument og som gir føringar for vidare planarbeid og sakshandsaming i kommunen.

Planen vert utarbeida i samsvar med Nasjonale føringar til regional og kommunal planlegging (2023- 2027) der blant anna FN berekraftsmål med, sosial, økonomisk og miljømessig berekraft, samfunnssikkerheit og beredskap og samarbeid er viktig å ivareta og rette fokus på.

Kommuneplanens samfunnsdel er eit viktig dokument og har som mål å:

  1. vere eit styringsverktøy som skal gi tydelege føringar for kommunale planar og tiltak.
  2. gi grunnlag for korleis ressursane i kommuneorganisasjonen skal prioriterast.
  3. vise korleis Samnanger kommune ynskjer å samhandle med ulike samfunnsaktørar og innbyggjarar for å utvikle kommunen.


For at planen skal bli så god som mogleg, inviterer me innbyggjarar, næringsaktørar og andre å fylle ut eit spørjeskjema der de kan komme med innspel om kva du meiner er viktig for at Samnangersamfunnet også framover kan vere ein god stad å bu og drive næring i.

Ditt bidrag og dine tankar er viktig for oss, og me treng dine innspel og idear for å kunne ta gode avgjerder som påverkar livet og framtida vår.  

Me inviterer også til eit ope folkemøte, onsdag 17. april kl. 18:00 -19:30  på  biblioteket på Bjørkheim.

Her vil me informere meir om kva ein samfunnsplan er og kva me særleg treng innspel på.

Me ser fram til å sjå alle gode innspel til korleis me i lag kan gjere Samnanger kommune til ein endå betre stad å bu.

Har de spørsmål, ta kontakt med kommunen på tlf. 56 58 74 00.


Sist oppdatert: 26.03.2024
Publisert: 26.03.2024