HeimNyheiterVerdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen for psykisk helse vert markert over heile verda 10. oktober, og er blant dei største kampanjane i Norge for psykisk folkehelse. Målet er å auka kunnskap, merksemd og forståing om kva som fremmar god psykisk helse, og gjer det lettare å snakka ope og fordomsfritt om korleis me har det.

Den psykiske helsa vert utfordra gjennom livet. Det å slita psykisk i periodar er normalt, og halvparten av oss har eller vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Nettopp på grunn av at det angår så mange, er det viktig at me er klar over kva me kan gjera i kvardagen for å bygga motstandskraft, men òg kva verktøy me har for å møta psykiske utfordringar.

Årets tema er livet under og etter pandemien, og skal belysa kor verdifulle me er for kvarandre for å førebygga einsemd og utanforskap.

Les meir om Verdensdagen for psykisk helse på www.verdensdagen.no.   


Sist oppdatert: 10.10.2021
Publisert: 10.10.2021