HeimNyheiterVil du bli meddommar?

Vil du bli meddommar?

Søknadsskjema finn du nedst på denne sida.   

Kommunestyret skal i juni 2024 velja meddommarar frå Samnanger til Gulating lagmannsrett, Hordaland tingrett og Hordaland jordskifterett for perioden 2025–2028. I tillegg skal kommunestyret fremma forslag til skjønnsmedlemmer som blir valde av fylkeskommunen.

Kommunestyret skal velja følgjande tal meddommarar:

Hordaland tingrett:

  • 4 kvinner og 4 menn

Gulating lagmannsrett:

  • 1 kvinne og 1 mann

Hordaland jordskifterett:

  • 8 kvinner og 8 menn

Eit alminneleg rettsprinsipp er at ein skal dømmast av sine likemenn. Meddommarane spelar derfor ei viktig rolle i rettssystemet vårt, og som meddommar får du moglegheit til å vera deltakar på eit viktig samfunnsområde.

Valg av medlemmer til forliksråd skal handsamast i kommunestyret hausten 2024. Det blir ei eiga utlysing i samband med dette.

Kva oppgåver har meddommarar i tingretten og lagmannsretten?

Meddommarar deltek i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Det betyr at meddommarane deltek i rettsmøte i domstolen. Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og dette inneber normalt fri frå ordinært arbeid for å utøva vervet. Det kan ikkje påreknast fritak av «bekvemmelegheitsgrunnar».
Vervet som meddommar i tingretten eller lagmannsretten, inneber at du er ein av fleire lekmenn som skal dømma saman med juridiske fagdommarar.

Kor ofte må ein meddommar møta?

Som meddommar kan du rekna med å bli innkalt èin til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer fra ein til tre dagar, men nokre saker varer lenger enn dette.

Kven kan bli meddommar?

Meddommarar er innbyggjarar som er med på å ta avgjerd i rettssaker. Domstollova stiller likevel visse krav til kven som kan veljast. 

Du må ha tilstrekkelige norskkunnskapar, og vera personleg eigna til oppgåva. Dette betyr at du må kunne følgja forhandlingane i retten, forstå dei problemstillingane som saka reiser, reiser, ta stilling til problemstillingane og gje uttrykk for meiningane dine. I tillegg må du: 

  • Vera over 21 år og under 70 år ved starten av valperioden 01.01.2025.
  • Ikkje vera frådømt stemmeretten i offentlege saker.
  • Ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene.
  • Vera innført i folkeregisteret som busett i Samnanger kommune når kommunestyret vel meddommarar.
  • Vera norsk eller nordisk statsborgar, eller ha vore registrert i norsk folkeregister som busett i Noreg dei siste tre åra.


Du bør òg ha allminneleg god digital kompetanse, slik at du effektivt kan bruka digitale verktøy som domstolen brukar i saksbehandlinga si.


Det er ønskeleg med ein samansetnad av meddommarar som best mogleg representerer alle delar av befolkninga. Me oppfordrar derfor spesielt personar i desse gruppene om å søkja:  

  • Personar mellom 21 og 30 år
  • Personar med lågare utdanning
  • Personar med minoritetsbakgrunn

 

Særleg om krav til meddommarar i jordskifteretten

Jordskiftemeddommarar møter i sivile saker i jordskifteretten. Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker som gjeld fast eigedom. I tillegg til dei generelle krava for meddommarar, blir det i jordskiftelova § 2-5 stilt eit særleg krav om at jordskiftedommarar skal vera «kunnige i saker som jordskfiteretten i soknet til vanleg har». «Kunnig» betyr her at meddommarar «har greie på, kjenner til eller veit noko om det saka gjeld».


Kven kan ikkje bli meddommar?

Reglar om dette står i domstollova §§ 71 og 72.

Domstollova § 71:
Utelukket fra valg på grunn av stilling er:

  1. Stortingets representanter og vararepresentanter,
  2. statsrådets medlemmer, statssekretærer, statsrådenes personlige politiske rådgivere og ansatte ved Statsministerens kontor,
  3. statsforvaltere og assisterende statsforvaltere,
  4. utnevnte og konstituerte dommere og ansatte ved domstolene,
  5. ansatte ved påtalemyndigheten, i politiet og kriminalomsorgen og personer som er tildelt begrenset politimyndighet,
  6. ansatte i Justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstoladministrasjonen og dens styre,
  7. ansatte og studenter ved Politihøgskolen og Fengselsskolen,
  8. praktiserende advokater og advokatfullmektiger,
  9. kommunens administrasjonssjef (medlemmene av kommunerådet i kommuner med et parlamentarisk styringssystem) og andre kommunale tjenestemenn som tar direkte del i forberedelsen eller gjennomføringen av valget.


Domstollova § 72:
Utelukket fra valg på grunn av vandel er:

  1. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i mer enn ett år,
  2. den som er idømt forvaring eller særreaksjoner etter straffeloven § 40 eller §§ 62 til 65,
  3. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i ett år eller mindre, og det ved valgperiodens start er mindre enn 15 år siden dommen var rettskraftig,
  4. den som er idømt betinget fengselsstraff, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig,
  5. den som er idømt eller har vedtatt bøtestraff for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig eller vedtakelsen, 
  6. den som har fått betinget påtaleunnlatelse eller domsutsettelse for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden avgjørelsen var rettskraftig. 

Dom på samfunnsstraff medfører utelukkelse etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengden av den subsidiære fengselsstraffen. Ved delvis betinget fengselsstraff vurderes hver del for seg etter første ledd.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema (krev innlogging).


Sist oppdatert: 14.03.2024
Publisert: 13.03.2024