Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Arbeid med nye varamurar på Liavegen veke 45-47

I forbindelse med nye varamurar vil vegen verta stengt i periodar på inntil ca 2 timar. Murane må støypast samanhengande utan opphald for å unngå omfattande opp og nedrigging av maskinar. 

Arbeidet tek til med klargjering i veke 45 og vil verte ferdigstilt i løpet av veke 47.


I veke 45 vert det mindre stengt i kortare periodar sidan entreprenør då vil klargjera før støyping. Støyping av murer startar i slutten av veke 45 eller tidleg i veke 46. Dei lengste stengeperiodane vil bli når arbeidet nærmar seg Litangen. Der er dei lengste murane som kan gje opptil 2 timar stenging.
 

Arbeidstida vil vera vekedagar mellom 07.00 og 17.00.
 

Skuletransport og utrykningskjøretøy vil kunna passera.
 

Teknisk drift kjem til å ha oversikt på framdrift og dialog med entreprenør undervegs. Ta kontakt dersom de har spørsmål eller om det skulle bli særskilte behov for passering.

 

 

Samnanger kommune tlf  56 58 74 00.


 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 05.11.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering