Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Aukande skogbrannfare

Informasjon frå brannvesenet: Tørken gjer at det er stor fare for brann i skog og anna utmark. Det er difor eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområder som ikkje er innmark.

- Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lengre tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader kjem litt nedbør, er faren for brann fortsatt like stor, då vegetasjonen tørkar raskt opp i fint vær, seier varabrannsjef i Bergen brannvesen, Frode Bødker.

Faktaboks branntryggleik juli 2018 - Klikk for stort bilete

Ver aktsam!
Når det er så tørt som no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må være aktsam og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsamheitsplikta inneberer at ein må tar forhaldsreglar for å redusere sannsynet for brann og avgrense skadane dersom brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.  


Bålforbodet
I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet vert gjerne omtala som "bålforbodet".

Det generelle forbodet gjeld berre i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med det meinar ein alle områder som ikkje er innmark. Eksemplar på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område. Men hugs at aktsamheitsplikta gjeld på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for branntryggleiken.

Å gjere opp eld omfattar bruk av eingongsgrillar, bål- og peisinnretningar. Stranda vil oftast verte rekna som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ynskjer å tenne bål eller grille, må ein søke om løyve frå kommunen.

Slik forholda er no, er det så tørt at løyve til å gjere opp eld, som å grille og tenne bål, i eller i nærleiken av skog og anna utmark stort sett ikkje vil bli gitt.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbart ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det openbart ikkje kan føre til brann. – Eg kan vanskeleg sjå føre meg nokon områder kor det no openbart ikkje kan føre til brann, seier Bødtker. Ved brot på aktsamheitsplikta eller det generelle forbodet kan ein bli straffa med bot eller fengsel.


Grilling
- Brannvesenet frårådar generelt all bruk av eingongsgrill, i alle fall når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje blir sløkt og kjølt ned skikkelig, sier varabrannsjefen. Eingongsgrillar må aldri settast rett på brennbart underlag.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjelder eit generelt forbod.

Hugs at aktsamheitsplikta gjeld overalt, i parkar og hagar, på verandaer og terrassar eller under brennbare tak eller liknande overbygningar.

Ved brann eller ulykke ring 110.


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.07.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering