Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Datakurs våren 2018

 For tilsette i næringslivet eller i Samnanger kommune

Samnanger Næringsforum og Kursverkstedet AS fortsett suksessen med trinn 2 i datakurs våren 2018. Det vert kurs i bruk av Outlook, Word, Excel og Powerpoint!

 

Har du kontroll på det grunnleggande i dei vanlegaste programvara på PCen; Outlook (epost, kontaktar,kalender), Word (tekstbehandling), Excel (rekneark) og Powerpoint (presetasjonsverktøy)? Har du lyst til å læra meir, verta tryggare, meir effektiv og generelt ein betre brukar av desse gode og høgst naudsynte verktøya?

 

Bli med på trinn 2 av våre datakurs!

 

Mange har kanskje fått med seg den flotte artikkelen om datakurset sitt trinn 1 i Samningen 15. mars. Mange av deltakarane på datakurs trinn 1 kjem med svært gode uttalelsar om kurset og kva dei har fått att for å setta av nokre timar kvar veka til denne viktige lærdomen.

 

Vårt klare mål er å ha engasjenrande og lærerike kurskveldar kor me tek deg gjennom alt du treng å veta for å nytta moglegheitane på PCen betre og korleis bruka programvarene på ein effektiv måte. Her er datoane og emna me går gjennom på kurset:

 

Tirs. 03.04. Outlook, epost, kontaktar, filbehandling, skyløysningar m.m.

Tors. 12.04. Word - tekstbehandling, vidaregåande del 1

Tors. 19.04. Word - tekstbehandling, vidaregåande del 2

Tors. 26.04. Excel - rekneark, vidaregåande del 1

Tors. 03.05. Excel - rekneark, vidaregåande del 2

Tors. 24.05. PowerPoint, presentasjonsprogram, vidaregåande del 1

Tors. 31.05. Bilder og video (bilderedigering og viedoredigering)

Tors. 07.06. Epostmarkedsføring (bruk av programvara)

Tors. 14.06. Oppsummering, Q&A, kursavslutning

 

Tema vert tilpassa deltakarane sitt nivå og ønskjer undervegs. DVS. at i mange tilfeller vil me kunne løysa akkurat dine utfordringar gjennom å bruka dette som ein "case" å jobba med!

 

Kurset vert gjennomført torsdagar kl 15.00-18.00 og kl 18.00-21.00 i biblioteket på Bjørkheim. Totalt ca. 27. timar. Du kan delta på heile kurset eller eventuelt velga enkelte tema som interesserar deg.

 

Ta med eigen bærbar PC! Me anbefalar alle om å ha MS Office 365 installert på maskina til kurste. OBS! Kurset er kostnadsfritt for både deg og bedrifta di.

 

Vil du melda deg på? Klikk her eller send epost til ronny@kursverkstedet.no. Meld deg på med bedrift, namn, telefonnummer og epost snarast.

 

Med vennleg helsing

Samnanger Næringsforum 

og Kursverkstedet AS 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 12.04.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering