Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Debatt om klimaendringar på Vestlandet (29.01)

Klimadebatt.jpg - Klikk for stort bilete  i biblioteket på Bjørkeheim kl. 18:00-20:00.

Klimaendringar på Vestlandet: Korleis handtere det uunngåelege?

 

Klimasamtale mellom fagpersonar og lokale krefter i Samnanger folkebibliotek, dei lokale deltakarane vert annonsert når me har namna klare.


Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg verta del av den globale klimaløysinga? 
 

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon. Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens innbyggjarar: KVA GJER VÅR KOMMUNE FOR KLIMAET?

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 12.01.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering