Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Digital utsending av post frå kommunen

Frå slutten av juni 2018 tek Samnanger kommune i bruk digital utsending av post. Mange brev vil då bli sendt til mottakaren sin innboks i Altinn, eller til innboksen i Digipost/e-Boks for dei som har oppretta brukar der. 

Ordninga vil gjelda privatpersonar, samt offentlege etatar, næringsdrivande og andre som er registrert i enhetsregisteret i Brønnøysund.

Altinn
Dei som ikkje har oppretta brukar i Digipost eller e-Boks, vil få digitale brev frå kommunen i innboksen sin i Altinn.

Dersom du har lagt inn mobilnummer og e-postadresse i det offentlege kontaktregisteret, vil du få varsling på sms og e-post når du mottek eit digitalt brev frå kommunen i Altinn. Dersom du ikkje opnar det digitale brevet i Altinn innan 40 timar, vil papirversjon av brevet automatisk bli sendt i posten. 

Digipost og e-Boks
Dei som har oppretta brukar i Digipost eller e-Boks, vil få digitale brev frå kommunen der - ikkje i Altinn. Brukarar av Digipost og e-Boks vil berre få brevet digitalt. 

Kva typar brev frå kommunen vil bli sendt ut digitalt?
Ordninga med digital utsending vil i første omgang gjelda for brev som er skrivne i kommunen sitt generelle sakshandsamingssystem. Dette gjeld for eksempel svar på byggesøknader, meldingar om politiske vedtak, tilbod om stilling og tilbod om barnehageplass.  

Brev som er skrivne i kommunen sine fagsystem, vil i hovudsak framleis bli sendt ut på papir. Dette gjeld mellom anna journalsystemet i pleie- og omsorgstenestene og fagsystemet i sosialtenesta.

Rett til reservasjon mot digital post frå det offentlege
Innbyggjarar i Noreg har rett til å reservera seg mot å få post frå det offentlege digitalt. Dei som reserverer seg, vil i staden motta slik post på papir. Les meir om reservasjonsordninga her


Spørsmål
Ta kontakt med sørvissenteret på kommunehuset dersom du har spørsmål (tlf.nr. 56 58 74 00 eller e-post postmottak@samnanger.kommune.no). 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.06.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering