Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Eigedomsskatt 2018

Eigedomsskatteliste for 2018 for eigedomar i Samnanger kommune ligg ute til offentleg ettersyn i tre veker frå 01.02.2018. 

Eigedomsskattelista er utarbeidd på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2018, og med heimel i eigedomsskattelova § 15. Lista er lagt ut i ekspedisjonen på kommunehuset, samt at den kan lastast ned her frå kommunen si heimeside. 

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen (eventuelt botnfrådrag for bustad- og fritidseigedomar), og utrekna eigedomsskattebeløp. 

Faktura for eigedomsskatt for 1. kvartal 2018 vart sendt ut 23.01.2018, med betalingsfrist 20.02.2018. Fakturaen for 1. kvartal gjeld òg som skattesetel for eigedomsskatt for 2018. 

 



Reglar om klage:
Klage på vedtatt eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er sendt klage på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg innan 6 veker. Klagefristen i 2018 er 16.03.2018.

Klage kan sendast på e-post til eigedomsskatt@samnanger.kommune.no (merk e-post med gards- og bruksnr) eller pr post til Samnanger kommune, Eigedomsskattekontoret, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Eigedomar som har takst frå formuesgrunnlag kan ikkje sende klage på skattetaksten til kommunen. Dei kan klage til kommunen dersom det for eks er feil sats, feil på botnfrådrag mm.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 13.02.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering