Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Er du mellom 16-20 år og vil vera med i ungdomsrådet?

Ungdom.jpg - Klikk for stort bilete  Vil du vera med i Samnanger ungdomsråd? Søknadsfrist 20. august

Kva skjer?

Samnanger ungdomsrådet vert vald for 2 skuleår. Det noverande Ungdomsrådet sin periode er snart slutt og det vert nytt val etter sommarferien 2018. 

 

Kven er med i eit Ungdomsråd?
Ungdomsrådet skal ha 6 medlemmar og 2 varamedlemmar. Elevrådet på ungdomsskulen skal koma med forlag på 3 representantar og 1 vararepresentant. 3 representantar med 1 vararepresentant vert valde frå aldersgruppa 16-20 år av kommunestyret.  Ved første møte vel medlemmane sjølv kven som skal vera leiar og nestleiar.

 

Kva gjer ein i Ungdomsrådet?

Samnanger ungdomrsåd skal fremma barn og unge sine interesser og tala deira sak i Samnanger kommune. Ungdomsrådet skal vera eit høyrings- og rådgjevande organ for Samnanger kommune når det gjeld å høyra barn og unge sitt syn i plansakar og i andre sakar som vedkjem barn og unge. Ungdomsrådet kan også sjølv ta opp sakar som dei meiner er viktige for barn  og unge i Samnanger og t.d. laga til arrangement.

 

Ungdomsrådet skal møtast 3 gongar i halvåret. Møta føregår på ettermiddagen og varar i normalt 1.5 timar. Det vert servert mat og medlemmane får møtegodtgjersle.

 

 

Er du mellom 16-20 år og vil vera med i Ungdomsrådet?

 

Me oppmodar deg som:

  • Er samfunnsengasjert
  • Ønskjer å ta del i barn og unge si interesse i kommunen
  • Ønskjer å tilretteleggja for ungdom i kommunen

 

til å senda inn ein søknad til sekretær for Ungdomsrådet innan 20. august.

 

I søknaden ønskjer me å veta:

  • namn
  • fødselsdato
  • kontakinformasjon
  • kort tekst om kva du interesserar deg for og kvifor du ønskjer å vera medlem i Samnanger Ungdomsråd

 

Send søknaden til Daniel B. Kristensen på epost dbk@samnanger.kommune.no innan 20. august.
Ta gjerne kontakt med kulturkontoret for spørsmål. 

 

Sjå gjerne Vedtekter for Samnanger ungdomsråd for meir informasjon. 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 11.07.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering