Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Fotoregistrering av eldre bygningar i Samnanger kommune

 Oppstart 20. mai

Mandag 20. mai startar Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) arbeidet med kontrollregistrering av rundt 350 eldre bygningar i Samnanger kommune, i samband med Riksantikvarens miljøovervåkingsprogram «Status for verneverdige kulturminner i utvalgte kommuner».

 

I løpet av mai vil verneverdige kulturminner og dei fleste bygningar frå før 1900 i kommunen bli fotoregistrert av fagpersonar frå NIKU. Registreringa er utvendig og visuell og vil føregå raskt. Bygningane vil bli fotografert og samanlikna med foto frå tidlegare registrering.

 

Overvåkningsprogrammet omfatter 10 kontrollkommunar, kor kontrollregistrering vert gjennomført kvart femte år. Målet med undersøkinga er å få oversikt over tap, tilstand og endring av verneverdige kulturminner og SEFRAK-registrerte bygningar. Overvåkingsresultatene skal gje faktagrunnlag for å vurdera virkemidlar i framtidig kulturminneforvaltning. Resultata av årets registreringar vil bli publisert våren 2020 på Riksantikvaren og NIKU sine heimesider.

 

SEFRAK-bygning
Bygning som inngår i SEFRAK-registeret, som er Riksantikvarens landsdekkande register over nærare 500 000 bygningar eldre enn 1900, samt yngre bygningar i nordlige områder. Bygningane er digitalt kartfesta via Matrikkelen. SEFRAK-registeret gjev ikke automatisk vernestatus eller restriksjonar på kva som kan gjerast med bygningen.

 

NIKU
Norsk institutt for kulturminneforskning er eit uavhengig kulturminnefagleg institutt, som driv forskning og oppdragverksemd for offentleg forvaltning og private aktørar på felt som bygningsvern, arkeologi og konservering.

 

KONTAKT

  • Åse Dammann, NIKU: ase.dammann@niku.no
  • Lars Rogstad, Riksantikvaren: lars.rogstad@ra.no
Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 14.05.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering