Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Fv. 7 Tokagjelet

Varsel om oppstart av arbeid med kommunedelplan
og offentleg ettersyn av forslag til planprogram.

Planområde Tokagjelet - Klikk for stort bilete

 


I samsvar med Plan og bygningsloven §§ 3-7, 11-1, 11-12 og 11-13 varslar Statens vegvesen med dette om oppstart av arbeid med kommunedelplan for fylkesveg 7 forbi Tokagjelet i Kvam herad.
 

Samstundes vert det også varsla om at forslag til planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn. Forslag til planprogram fi nn ein på: www.vegvesen.no/fylkesveg/fv7tokagjelet.
 

Dagens veg gjennom Tokagjelet er svært skredutsett og det skal byggast ein ny veg i tunnel for å løyse skredproblematikken. Gjennom kommunedel- planen skal traséen til denne tunnelen avgjerast.
 

Statens vegvesen gjennomfører planarbeidet etter bestilling frå Hordaland fylkeskommune, som er vegeigar. Planlegginga skjer i samråd med Kvam herad og Samnanger kommune som er planmyndigheiter.
 

Det vert arrangert ope informasjonsmøte om planoppstarten og forslag til planprogram
torsdag 7. juni, kl. 17:30, på Thon Hotel Sandven i Norheimsund.
 

Dersom ein har innspel til planoppstarten og/eller forslag til planprogram skal desse sendast Statens vegvesen Region vest, seinast fredag 22. juni.
Bruk e-post: fi rmapost-vest@vegvesen.no
Eller post: Postboks 43, 6861 Leikanger
og syn til saksnummer 17/52750. 

Publisert av Roald Aandahl. Sist endra 08.05.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering