Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Hovudopptak barnehageplass 2020-21 Samnanger kommune

Frå 3. august 2020 er det ledige plassar i barnehagane i Samnanger kommune. Søknadsfrist er 01.03.2020. 


Me tilbyr plassar i dei to kommunale barnehagane :

Vassloppa barnehage (0-6 år), 
Adr. Reistadliane 37, 5652 Årland. Tlf 56587580/81.

Dråpeslottet barnehage (0-6 år),
Adr. Nesjavegen 10, 5650 Tysse. Tlf 56589710/16.


Privat barnehage:
Aadland gards- og friluftsbarnehage (0-6 år).
Adr. Samnangervegen 404, 5652 Årland. Tlf 91861941 / 97046298.


Me har samordna opptak .

Me kan tilby plass 2, 3, 4, og 5 dagar i veka.

Dersom du søkjer og får plass i ny barnehage, mister du plassen du hadde i den ”gamle” barnehagen.


Lovfesta rett til barnehageplass
Ved hovudopptaket gjeld lovfesta rett til barnehageplass. Retten gjeld for barn mellom eitt og fem år.

Det tyder at :
• dei yngste barna er fylt eitt år innan utgongen av november 2020
• det er søkt barnehageplass innan 01. mars 2020
• det er ønskje om plass innan 30.11.2020

 

Diverse informasjon
Opningstida i barnehagane er frå kl. 07.00 til kl 16.30
Nærare opplysningar får du ved den einskilde barnehage.
Barn som har plass, treng ikkje søkja for å halda på plassen.
Dersom det er ønskje om å endra tilbod, eller de står på venteliste våren 2020, må ny søknad sendast.

 

Kommunen har nytt opptaksssystem.

Elektronisk søknadsskjema finn ein på Samnanger kommune si heimeside.
 

Følg linken

 

Søknadsfrist: 01.03.2020

 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 28.01.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteskildringar (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering