Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Høyring breiband

Høyring vedrørande søknad om tilskot til utbygging av breiband i Samnanger kommune. Høyringsfrist er 17.05.2018. 

 

Samnanger kommune skal vurdera å søkja om tilskot til utbygging av breiband. Dette gjeld tilskotsmidlar som Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) skal tildela i 2018. Midlane er øyremerkte til utbygging i område i der det ikkje er kommersielt interessant å byggja ut høghastigheits breiband.  

Organisering av ordninga
Hordaland fylkeskommune vurderer og rangerer søknadene frå kommunane i fylket, og gir innstilling til NKOM. Etter dette tek NKOM endeleg avgjerd om kva kommunar/prosjekt som skal få tilskot. 

Føremål med tilskotsordninga
Gje tilskot til utbygging av høghastigheits breiband i område som i dag ikkje har tilbod om nedlastingshastigheit på minst 10 Mbit/s. Sekundært kan det også gjevast tilskot til utbygging i område som i dag ikkje har tilbod om nedlastingshastigheit på minst 30 Mbit/s. 

Aktuelle område
Kommunen har nyleg gjennomført ei kartlegging som viser at det framleis er mange område i Samnanger som manglar tilbod om høghastigheits breiband. Det ligg så langt kommunen kjenner til heller ikkje føre planar om kommersiell utbygging i desse områda. Kommunen vil vurdera å søkja om tilskot til utbygging i nokre av desse områda:

  • Trengereidfjord - Hisdal
  • Område på strekninga Ådland - Aldal (inkludert Nordvik) som i dag ikkje har tilbod om nedlastingshastigheit på minst 10 Mbit/s. 
  • Strekninga Ytre Tysse - Utskot
  • Høysæter
Kommunen vil måtte gjera ei prioritering, så det vil neppe bli søkt om tilskot til alle områda ovanfor. 

Høyring
For at søknad/søknader frå Samnanger kommune skal bli behandla, er det krav om at kommunen sine planar ligg ute til høyring. Kommunen ønskjer derfor innspel/høyringsuttalar. 
 
Høyringsuttalar må vera kommunen i hende seinast 17.05.2018, og kan sendast på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no
 
Dei innbyggjarane som sende inn innspel til kommunen i breibandskartlegginga som nyleg er gjennomført, treng ikkje senda inn innspela på nytt i denne høyringsrunden. 
 
 
Meir informasjon om tilskotsordninga

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.04.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering