Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Høyring - lokal forskrift

Forslag til lokal forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad ligg ute til høyring i perioden 27.04 - 18.05.2017.  

Alle kommunar er pålagde å utabeide lokal forskrift.

Forskrifta skal sikre at pasientar eller brukarar får nødvendig og forsvarleg helse – og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2a, i samsvar med reglane i pasient og brukarrettigheitslova §2-1 e. Forskrifta skal medverke til å klargjere kriteria for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, samt skildre kva tilbod pasienten/ brukaren skal få medan han/ ho ventar på plass.

Forslag til lokal forskrift er handsama og tilrådd i inntaksnemda 25.04.17. Forslaget kan lastast ned nedanfor. 

Høyringsuttalar skal merkast med «Høyring – Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim» og sendast til Samnanger kommune Tyssevegen 217 5650 Tysse, eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no

Høyringsfrist: 18.05.2017.

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering