Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Influensavaksine 2019

Ein ny influensasesong står for døra, og legekontoret startar vaksinering frå onsdag 30. oktober 2019

Vaksine mot sesonginfluensa blir tilrådd alle over 65 år og til personar med sjukdommar/tilstandar som gjer at dei ikkje toler influensasjukdom så godt. Det er vist at vaksinasjon reduserer risikoen for komplikasjonar som lungebetennelse, forverring av kroniske grunnsjukdommar og varig svekka helse. I tillegg er vaksinerte over 65 år mindre utsette for hjarteinfarkt og hjerneslag i influensasesongen enn dei som ikkje er vaksinerte.
 

 

Vaksine mot sesonginfluensa vert særleg tilrådd:
 

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg eller kronisk sjukdom der influensa utgjer alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
     

Vend deg på legekontoret alle dagar frå onsdag 30. oktober i tida 0900-1500. Du treng ikkje bestilla time. Vaksinen vert sett av helsesekretær, og kostar kr 80,-. Observasjonstid på legekontoret etter vaksinering: minst 20 minutt.

 

Om du ikkje tilhøyrer risikogruppa over, kan du likevel få vaksine mot sesonginfluensa. Du må då først skaffa deg resept, hente vaksinen på apoteket, og så koma på legekontoret for å få den sett. Vaksineprisen på apoteket er noko høgare.

 

Om du er over 65 år, og ikkje har fått vaksine mot lungebetennelse dei siste 10 åra, anbefalast det at denne vert sett samstundes med influensavaksinen. Denne vaksinen kostar kr 360,-.

 

I tillegg til å betale for vaksinen(e), vil det koste kr. 125,- å få sett vaksinen. Om du får sett vaksinen i samband med konsultasjon, vil det koste kr. 75,-.
 

 

For meir informasjon, ring legekontoret på tlf 56589100 eller sjå www.samnanger.kommune.no

 

Harald Ramm Salbu

kommuneoverlege

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 18.10.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering