Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Kan redde heimen din frå brann

Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet rykka ut til 162 komfyrbrannar i Hordaland i 2017. Det er 30 fleire enn i fjor. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3 138 brannar i private heimar i Noreg, heile 1 344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

 

- Komfyren er den klart største brannkjelda i heimen. Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking og ikkje teknisk feil ved produktet. Då er det veldig fint å ha ei komfyrvakt som hindrar at farlege situasjonar oppstår. Vi tilrår alle å installere komfyrvakt, seier brannsjef i Bergen brannvesen, Leif Linde.

 

Rammar alle
Brannvesenet rykka i fjor ut til 3 344 bustadbrannar i Noreg, heile 1 516 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren. Tørrkoking rammar folk i alle aldersgrupper, alt frå unge som lagar nattmat, til travle småbarnsfamiliar og eldre som gløymer komfyren.

 

–Vi har lenge sett søkjelys på slike hendingar  og åtvara alle målgrupper mot uvettig komfyrbruk. Likevel går talet opp, så her må folk ta bodskapen innover seg, oppfordrar brannsjefen.

 

Kuttar straumen automatisk
Ei komfyrvakt kuttar straumen automatisk dersom du gløymer å slå av kokeplatene. Det er ei investering i ein meir brannsikker kvardag.

 

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og fritidsbustader, og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

 

Komfyrvaktkampanjen

Torsdag 15. februar arrangerast ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt dei alt for mange komfyrbrannane. Ei komfyrvakt kan avgrense skadane og hindre at ein komfyrbrann utviklar seg til å bli alvorleg. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet.

 

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

 

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

 

Komfyrvaktkampanje 2018 - bilete frå Bergen brannvesen. - Klikk for stort bilete

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 15.02.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering