Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Kartlegging av friluftslivsområde i Samnanger kommune

Natur.jpg - Klikk for stort bilete Me ynskjer din hjelp

Samnanger kommune har i år starta, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune, eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen. Dette er ein del av eit nasjonalt mål om at alle kommunar i Noreg skal kartlegge sine friluftslivsområde innan 2018. Dette blir ikkje ein juridisk binande plan, men skal fungera som eit kunnskapsgrunnlag og temakart; ein informasjon om dagens friluftsaktivitet som seinare kan bli nytta i relevante samanhengar i lag med andre temakart. Prosjektet er styrt av Miljødirektoratet og forankra i både «Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv» og «Nasjonal strategi for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivområder».

 

Men kvifor gjere eit slikt arbeid?

 

Friluftsliv er ein viktig ressurs med stor nytteverdi i den form av at det gir betre helse og økt livskvalitet til en svært låg kostnad om områda er tilgjengelege. Det er den aktiviteten flest kan utføre då friluftsliv strekkjer seg i frå skeising og badetur med borna til høgfjellsmaraton og fisketurar. Det er difor av stor nytteverdi for kommunen å vite om kva slags friluftslivsverdiar kommunen faktisk har, og kva slags tiltak som er nødvendige i dei ulike områda. 

 

Ein har som mål at alle skal ha moglegheit til å drive friluftsliv i nærmiljøet og naturen elles. Kartlegginga legg difor særleg vekt på nærmiljøområde, ferdselsårer og grøntområde i og nær busetnad / tettstade. Kvar går ein på tur om ettermiddagen i kvardagen? Kvar leikar barna i barnehagen? Er det ein fin akebakke nokon plass i Samnanger? Finnes det ein grøn snarveg til skulen for ungane som er tryggare enn vegen? Eller er det lure stiar inn til større områder?

 

Målet er at alle skal ha moglegheit til å utøve friluftsaktivitetar utifrå eigne preferansar og ynske i Samnanger. Ein skal kunne komme seg ut i nærmiljøet og naturen generelt, uansett interesse, form eller alder. Samnanger kommune ynskjer difor hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auke kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i kommunen. Vi i prosjektgruppa veit at folk sitt med enorm kunnskap om friluftslivet i Samnanger, og håper difor at innbyggjarane vil komme med innspel om sine friluftslivs- og nærområde slik at den endelege kartlegginga blir så grundig som råd.

 

Marianne Rindedal Jetmundsen, 18.09.2017

Bergen og Omland friluftsråd

marianne@bof.no

Sist endra 06.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering