Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Kommunereforma

Kommunestyret vedtok 23.06.2016 at Samnanger vil halda fram som eigen kommune.  


Nedanfor er det lagt ut diverse informasjon om kommunereformprosessen i Samnanger. 


(Sist oppdatert 24.06.2016)

Vedtak i kommunestyret 23.06.2016
Kommunestyret vedtok 23.06.2016 at Samnanger vil halda fram som eigen kommune. Heile vedtaket kan lastast ned nedanfor.  


Resultat av rådgjevande folkerøysting 16.06.2016
I den rådgjevande folkerøystinga 16.06.2016 vart det fleirtal for at Samnanger skal vera eigen kommune. Dette alternativet fekk 666 røyster, medan 388 røysta for at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar. 


Informasjon om den rådgjevande folkerøystinga i Samnanger
Det er oppretta ei eiga informasjonsside om den rådgjevande folkerøystinga i Samnanger, som vart gjennomført 16.06.2016.


Vedtak i kommunestyret torsdag 02.06.2016
Kommunestyret vedtok 02.06.2016 at det skal gjennomførast rådgjevande folkerøysting i Samnanger torsdag 16.06.2016. Kommunestyret vedtok at innbyggjarane skal få følgjande to svaralternativ: 

  • Eg ynskjer at Samnanger skal vera eigen kommune. 
  • Eg ynskjer at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar. 


Intensjonsavtalar med andre kommunar
Det er inngått følgjande intensjonsavtalar mellom Samnanger og andre kommunar: 

  • Intensjonsavtale mellom Samnanger, Vaksdal og Osterøy og Bergen (inngått 13.05.2016)
  • Intensjonsavtale mellom Samnanger og Kvam (inngått 24.05.2016)


Begge intensjonsavtalane kan lastast ned nedst på denne sida. 
 

Kort historikk og status i saka
Samnanger kommunestyre vedtok 26.11.2015 at Samnanger kommune skal stå åleine i framtida og at struktur-/reformprosessen vert avslutta. Kommunen avslutta som følgje av dette arbeid og prosessar knytt til kommunereforma. 

Til kommunestyremøtet 12.05.2016 vart det meldt inn ein interpellasjon vedrørande kommunereforma. Interpellasjonen vart behandla i møtet og det vart gjort følgjande vedtak:

  • Samnanger kommunestyre ber administrasjonen, ordførar/varaordførar i tillegg til andre politikarar og  tillitsvalgte, for å få balanse, om å ta kontakt med alle aktuelle omkringliggjande kommunar for å diskutera moglegheitar og konsekvensar av samanslåing også med Samnanger. Dette skal gjerast i lys av utgreiingane og samtalane som allereie er gjennomførde.
     
  • Samnanger kommunestyre ber administrasjonen leggja fram ei vurdering av fordelar og ulemper ved ulike modellar i fyrstkomande kommunestyremøte. Dette inkluderer å halda fram som eigen kommune. I arbeidet med dette er det viktig at dei tilsette i kommunen vert høyrde.
     
  • Dersom det skulle verta aktuelt med kommunesamanslåing, må kommunestyret setja ned eit forhandlingsutval, om naudsynt gjennom eit ekstraordinært kommunestyremøte. Resultatet av eventuelle forhandlingar skal føreleggjast kommunestyret, og ei eventuell samanslåing skal leggjast fram for samningane i form av ei rådgjevande folkerøysting.


På bakgrunn av vedtaket 12.05.2016, vart det same kveld bestemt at Samnanger skulle delta på eit forhandlingsmøte som skulle haldast mellom Bergen, Vaksdal og Osterøy kommunar fredag 13.05.2016. Frå Samnanger deltok ein forhandlingsdelegasjon med ordførar Knut Harald Frøland, varaordførar Øyvind Røen og kommunestyremedlem Jon Magne Bogevik på møtet 13.05.2016. Der vart representantane for kommunane samde om ein intensjonsavtale om etablering av ein ny kommune. Intensjonsavtalen kan lastast ned nedanfor.   

Det vart gjennomført samtalar med Kvam herad 24.05.2016. Der vart forhandlingsdelegasjonane frå dei to kommunane samde om ein intensjonsavtale for ein ny kommune med utgangspunkt i Samnanger og Kvam. Også denne intensjonsavtalen kan lastast ned nedanfor. 

Ein intensjonsavtale betyr ikkje at kommunane som har inngått avtalen har bestemt seg for at dei vil slå seg saman. Dette er det kommunestyret i den einskilde kommunen som avgjer. Det er òg kommunestyret som avgjer på kva måte innbyggjarane skal høyrast før det vert gjort vedtak, til dømes om det skal gjennomførast rådgjevande folkerøysting. For Samnanger sin del vedtok kommunestyret 12.05.2016 at det skulle gjennomførast rådgjevande folkerøysting før kommunestyret eventuelt gjer vedtak om kommunesamanslåing. 


Styresmaktene har fastsett nokre milepælar i kommunereforma. Kommunar som ønskjer å slå seg saman i "første runde" av kommunereforma, må innan 01.07.2016 ha gjort vedtak om at dei ønskjer å slå seg saman. Eventuell rådgjevande folkerøysting må vera gjennomført før det vert gjort vedtak. 

Valstyret i kommunen hadde ekstramøte måndag 23.05.2016, for å diskutera korleis ei folkerøysting skal leggjast opp/gjennomførast. Valstyret tilrådde der at ei eventuell rådgjevande forlkerøysting skal gjennomførast som følgjer: 

  • Dato for folkerøystinga: Torsdag 16.06.2016. 
  • Opningstider i røystelokala torsdag 16.06.2016: Kl. 13.00 - 20.00. 
  • Røystekrinsar: Tre røystekrinsar; Nordbygda, Gjerde og Tysse (dei same røystekrinsane som ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015). 
  • Førehandsrøystingsperiode: 07.06 - 15.06.2016. Førehandsrøysting skal skje på kommunehuset på Tysse.
  • I tillegg til ordinær førehandsrøysting vil det verta høve til såkalla brevrøysting (for innbyggjarar som ikkje er i Samnanger verken i førehandsrøystingsperioden eller på dagen for folkerøystinga). 
  • Det vil òg verta tilbod om heimerøysting for dei som av helsemessige årsaker har behov for dette, samt førehandsrøysting for bebuarar/brukarar på Samnangerheimen. 
  • Røysterettsalder vil vera 18 år (etter dei same reglane som ved kommunestyre- og fylkestingsval).  

Folkerøystinga i Samnanger vart gjennomført 16.06.2016, i samsvar med valstyret si tilråding. 



Dokument til nedlasting:


   

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.10.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering