Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Matsvinn og matvett

Ein tredjedel av all mat som vert produsert i verda vert øydelagt eller kasta. I Noreg vert det kvart år kasta over 350 000 tonn spiseleg mat. Alle kan vera med å bidra til redusert matsvinn. 

Kva er matsvinn? 
Matsvinn er at me kastar mat me kunne ha ete. 

Kvifor er det nødvendig å redusera matsvinnet? 
Det vert kvart år kasta mat for mange milliarder kroner i Noreg. Dette er ikkje berekraftig, verken for miljøet, økonomisk eller av etiske årsaker. Eit av FN sine berekraftmål er at matsvinnet globalt skal halverast innan 2020. Norske styresmakter har òg skrive under på dette målet, som me alle bør medverka til å nå.  

Ifølgje FN vert ein tredjedel av all mat som vert produsert i verda kasta. FN har òg berekna at matproduksjonen i verda må auka med 60 prosent innan 2050 for å halda tritt med befolkningsutviklinga. Dette stiller oss overfor store og alvorlege utfordringar, samstundes som miljøet og klimaet vert truga. 

Kva kan du gjera? 

Er du ein av dei som kaster mat som kan etast? Trur du maten er dårleg fordi den ikkje er heilt fersk lenger? Her følgjer nokre enkle tips til korleis du kan ta betre vare på maten og spara både miljøet og pengar:

  • Planlegg innkjøpa dine og bruk handleliste
  • Rydd i kjøleskåpet, så du veit kva du har
  • Oppbevar maten din rett. Hugs at kjøleskåpet skal halda mellom 2 og 4 grader
  • Bruk sansane dine. Ikkje kast mat sjølv om den har gått ut på dato før du har sjekka om maten framleis er bra
  • Avkjøl maten raskt og frys eller legg i kjøleskåpet det du har til overs
  • Oppbevar restar i tette boksar
  • Frys brød som ikkje skal etast neste dag
  • La torsdag vera «restetorsdag». Bruk opp restar av råvarer og av ferdige rettar før du handlar ny mat til helga
  • Fleire råd og gode oppskrifter finn du på www.matvett.no


Vil du vita meir? 
På www.matvett.no ligg det diverse nyttig informasjon og tips om reduksjon av matsvinn. Nokre andre nyttige lenker finn du nedanfor: 





 

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 06.11.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering