Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Nasjonale tiltak i samband med koronavirusutbrotet

Helsedirektoratet har 12.03.2020 vedteke ei rekke tiltak for å stoppa spreiing av koronaviruset.  

Oversikt over tiltaka finn du på Helsedirektoratet sine nettsider: 


Dei vedtekne tiltaka er mellom anna følgjande: 

  • Stenging av barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar fram til 26.03.2020. 
  • Oppretthalda skule- og barnehagetilbod til visse grupper.
  • Forbod mot og stenging av kulturarrangement, idrettsarrangement, organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs. 
  • Stenging av verksemder i serveringsbransjen, med nokre unnatak. 
  • Stenging av treningssenter
  • Stenging av verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje, kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande. 
  • Forbod mot å reisa til utlandet for personar som jobbar med pasientbehandling. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser. 
  • Alle personar som kjem frå reiser utanfor Norden, skal i heime-karantene i 14 dagar, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Dette har tilbakeverkande kraft. 
  • Restriksjonar for besøkande til alle helseinstitusjonar i landet og innføring av adgangskontroll for å ivareta smittevern for pasientar i helseinstitusjonar. 


Helsedirektoratet oppmodar også alle om: 

  • Å unngå fritidsreiser. 
  • Unngå offentleg transport dersom du kan. 
  • Unngå nærkontakt med andre. 
  • Å ikkje besøka personar i institusjonar med sårbare grupper (eldre, psykiatri, fengsel osv). 
Sist endra 13.03.2020 16.20
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering