Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

No lanserer me nettsida vestbrannregion.no!

Fredag 21. september vert nettsida vestbrannregion.no lansert. Den skal gje aktuell og nyttig informasjon til både innbyggarane og dei lokale brannvesena i regionen.


 

vestbrannregion.no skal innbyggarane finne informasjon om brannvern og få tips om korleis halde seg trygg i kvardagen. Det vil også vere saker av allmenn interesse innan brann- og redningsområdet. Informasjon om lokale brann- og redningstenester vil framleis stå på nettsidene til dei enkelte kommunane.
 

Brannvesena i regionen skal få informasjon om ulike fagområde, samt praktisk informasjon om korleis ein kan utnytte felles ressursar i brannsamarbeidet. Nettsida skal også gje gode verktøy for lokalt informasjonsarbeid, samt innehalde overordna og oppdatert informasjon om brannsamarbeidet Vest brann- og redningsregion.
 

Sidene for brannvesenet er reservert brannvesen som er medlemmer i brannsamarbeidet og er difor passordbeskytta.
 

Kva er Vest brann- og redningsregion?
 

Vest brann- og redningsregion er eit langsiktig fagleg samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen i 16 kommunar i bergensregionen. Desse kommunane er Askøy, Bergen, Fjell, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Odda, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Tysnes, Ullensvang, Vaksdal og Øygarden. Over 80 prosent av befolkninga i bergensregionen bur i desse kommunane.
 

Føremålet med samarbeidet er å skape ein tryggare kvardag for innbyggarane gjennom eit formelt og strukturert nettverk for deling av kunnskap og erfaring.
 

Bergen brannvesen er administrasjonsbrannvesen for brannsamarbeidet, som vart formelt etablert på årsmøte 27. april 2018.
 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 25.09.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering