Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Økonomiplan 2017 - 2020 til offentleg gjennomsyn

Framlegg til økonomiplan 2017 - 2020 for Samanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 30.11 - 15.12.2016. Budsjett for 2017 er ein del av økonomiplanen.  

Sak om økonomiplan 2017 - 2020 vart handsama av formannskapet 23. og 24.11.2016. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret 15.12.2015. Formannskapet sitt framlegg er lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset og her på kommunen sine nettsider.  

Formannskapet sitt framlegg til økonomiplan 2017 - 2020 er basert på rådmannen sitt framlegg, men med følgjande endringar/presiseringar:

  • Me ønskjer at det vert lagt betre til rette for ein meir optimal bruk av bassenget for elevane , og ber om at opningstidene for bassenget vert tilpassa det. For å dekka auka skyssutgifter vert det stilt til rådvelde inntil 20.000 kr. - Finansiering disposisjonsfondet.
  • Det vert sett av inntil kr 50.000 til elektrisk døropnar på Helsetunet, finansiering disposisjonsfondet.
  • Før det bevilges penger til reparasjon av bygg og vegar, skal det lages en plan for forebyggende vedlikehald.
  • Kostnaden med auka godtgjersle til folkevalde kr 50.000 vert dekka med bruk av midlar avsett til tilleggsløyving konto nr 1.4901.5200.1800.
  • Kontrollutvalet får kr 80.000.- ekstra til forvaltningskontroll i 2017. Midlane vert teke frå disposisjonsfondet.
  • For å imøtekoma ynskje frå kyrkja om å utvida stillinga for kyrkjeverja vert ramma til kyrkja utvida med kr 75.000. Midlane vert henta frå disposisjonsfondet.
  • Kommunestyret fattar endeleg vedtak om biblioteket skal flytta til Bjørkheim i mars 2017. Til dette møtet skal det vera utarbeidd ein oversikt over totale kostnader med bygget, eingongskostnader ved innflytting og driftsutgifter. I tillegg må det vurderast kva potensiale eksisterande lokale har for anna  bruk.
  • Det vert sett av kr 200.000 til bruk for styringsgruppa sitt arbeid. Summen vert finansiert ved å setja ned avsetting til disposisjonsfondet.
  • Det vert rapport til kommunestyret på fylgjande dimensjonar, økonomi, sjukefråvær og kommunebarometeret (kvalitet). 

 

Dokument til nedlasting  -  framlegg til økonomiplan 2017 - 2020


"Vedlegg til rådmannen sitt framlegg" omfattar mellom anna framlegg til budsjett 2017 frå kontrollutvalet og Samnanger kyrkjestyre, samt budsjettskjema. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.12.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering