Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Økonomiplan 2018 - 2021 til offentleg gjennomsyn

Framlegg til økonomiplan 2018 - 2021 for Samnanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 30.11 - 12.12.2017. Budsjett for 2018 er ein del av økonomiplanen.  

Sak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2021 vart handsama av formannskapet 22. og 23.11.2017. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret 13.12.2017. Formannskapet sitt framlegg er lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset og her på kommunen sine nettsider (lenker til nedlasting finn du nedst på denne sida). 

Formannskapet sitt framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2021 er basert på rådmannen sitt framlegg, men med følgjande endringar/presiseringar: 

  • Kyrkjestyrebudsjettet blir auka med kr. 50.000. Midlar hentast frå auka rammer (forventa inntekter sal av konsesjonskraft etc).
  • Stillingar i skulane under omstillingsvurdering vert pålagt rådmannen. Rådmannen får mynde til å finansiera frå alle sektorar fram til avgjersle i omstillingsvurderingane er gjort.
  • Det skal takast ein generell gjennomgang av SFO med tanke på opningstider og innhald. Dette skal gjerast i samanheng med pågåande kvalitetsdialog i oppvekssektor.
  • Det skal etablerast kontorfellesskap for gründerar i det gamle biblioteklokalet. Eventuelle investeringar for å opprette dette har ei finansieringsramme på kr. 50.000 og midlar hentast frå auka rammer (forventa inntekter sal av konsesjonskraft etc). Kommunen skal ta ein låg leigepris for lokalet. 
  • Prosjekt optimalisering av bygningsmasse sendes administrasjon for beskrivelse av omfang og kostnader.
  • Administrasjonen sjekkar opp i moglege prosjektmidlar med tanke på gratis mat til skuleborna.
  • Reguleringsplan for ny veg til Hagabotnane skal lagast i 2018.
  • Administrasjonen får i oppdrag å vise eit reknestykke med konsekvensar på nedskjæringar i eigedomsskatt og botnfrådrag. Reknestykket vert lagt fram under handsaminga i desembermøtet til kommunestyret.
  • Kommunen ynskjer å lage ein heilskapleg skiltplan som vert lagt ut til offentleg høyring- før endeleg vedtak i kommunestyret. Ein slik skiltplan skal foreslå nye skilt, samt evt. behov for utskiftingar /endringar av eksisterande skilt i kommunen. Vedteken plan vert så sendt til Statens vegvesen. Kommunen vil på bakgrunn av ein slik heilskapleg skiltplan søkje om nye skilt, punktvis over ein tidsperiode på 4 år. Til dette arbeidet skal det for budsjettåret 2018 løyvast kr. 50.000. Tiltaket skal finansierast av disposisjonsfondet. 
  • Budsjettet til kontrollutvalet for 2018 vert auka med 80.000,- for å kunna utføra prosjekt innan forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Midlane vert henta frå konsesjonskraft.
  • Alle formuleringar om nedskjæring i antall folkevalde vert tatt ut av økonomiplanen. Dei folkevalde si rolle i eit lokaldemokrati skal ikkje skjæras ned. Samnanger kommune vil behalde det politiske nivået slik det er pr idag. Det er viktig med ei brei samansetning av både parti og antal folkevalde for å sikra lokaldemokratiet på ein tilfredsstillande måte, det vert ikkje ivaretatt om me kuttar i antalet folkevalde. Administrasjonen dekkar inn tilsvarande sum i innsparingar (vel ca 74.000,-) frå disposisjonsfondet.
  • Alle større IKT investeringar vert sette på hald inntil ny IKT strategi er på plass basert på ny forskrift GDPR.


Dokument til nedlasting  -  framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2021


"Vedlegg til rådmannen sitt framlegg" omfattar mellom anna framlegg til budsjett 2017 frå kontrollutvalet og Samnanger kyrkjestyre, samt ulike budsjettskjema. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.11.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering