Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Økonomiplan 2019 - 2022 til offentleg gjennomsyn

Framlegg til økonomiplan 2019 - 2022 for Samnanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 29.11.2018 - 12.12.2018. Budsjett for 2019 er ein del av økonomiplanen.  

Sak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019 - 2022 vart handsama av formannskapet 22.11.2018. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret 13.12.2018. Formannskapet sitt framlegg er lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset og på kommunen sine nettsider.

Formannskapet sitt framlegg til budsjett 2019 og økonomiplan 2019 - 2022 er basert på rådmannen sitt framlegg, men med følgjande endringar/presiseringar:

Bustadområde
Administrasjonen tek initiativ til dialog  med utbyggarar om moglegheit for utbygging på Ericajordet.

Administrasjonen tek og initiativ til dialog med grunneigar og utbyggarar om potensielle utbyggingsområde for bustadbygging og næringsområde i arealplanen. 

Kvalitetsdialog om modell for bærekraftige drifts- og vedlikehaldsutgifter
Samnanger kommune skal i 2019 gjennomføra kvalitetsdialog om ny vegmodell for Samnanger kommune. Ei målsetting med kvalitetsdialogen skal vera at kommunen har bærekraftige drifts- og vedlikehaldsutgifter og at ein søkjer løysingar med størst mogeleg grad av rettferdighet.

Forslag til ny vegmodell skal sjåast i lys av Fylkeskommunen sin vurdering av om-klassifisering av fylkesvegar (Ref. Handlingsprogram 2018 – 2021).

Til gjennomføring av kvalitetsdialog om ny vegmodell for Samnanger kommune blir det satt ned ei ad-hoc nemnd beståande av følgjande personar:

  1. Ordførar
  2. Vidar Tveiterås (Ap)
  3. Øyvind Røen (Sp)
  4. Sture Tveit (H)
  5. Odd Arne Haga (frp)
  6. Leiar Teknisk drift (sekretær)


Nemnda konstituerer seg sjølv og rapporterer for formannskapet.

Det er ei målsetting at eventuelle anbefalte løysingar skal vera klar vår 2019.



 

Dokument til nedlasting  -  framlegg til budsjett 2019 og økonomiplan 2019 - 2022

Saksframlegg til formannskapet 22.11.2018 (PDF, 444 kB)

Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2019 og økonomiplan 2019 - 2022 (PDF, 3 MB)

- Vedlegg til rådmannen sitt framlegg:
 

  1. Skriv frå fylkesmannen om Statsbudsjettet 2019 – kommuneopplegget (PDF, 259 kB)
  2. Premiss budsjett 2019 Kontrollutvalet og Kyrkja (PDF, 457 kB)
  3. Budsjettframlegg frå kontrollutvalet  -  kontroll og tilsyn (PDF, 300 kB)
  4. Budsjettframlegg frå Samnanger kyrkjestyre (PDF, 265 kB)
  5. Budsjettskjema  -  rådmannen sitt framlegg (inkludert oversikter driftstiltak og investeringstiltak) (PDF, 7 MB)
  6. Kommunale avgifter og gebyr 2019 (PDF, 711 kB)
  7. Gebyrregulativ 2019  -  byggesak, plansak, oppmåling (PDF, 2 MB)

 



 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.11.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering