Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Økonomiplan 2020-2023 til offentleg gjennomsyn

Framlegg til økonomiplan 2020-2023 for Samnanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 22.11.2019 - 05.12.2019. Budsjett 2020 er ein del av økonomiplanen. 

Sak om budsjett og økonomiplan 2020-2023 vart handsama av formannskapet 14.11.2019. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret 05.12.2019. Formannskapet sitt framlegg er lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset og her på kommunen sine nettsider.

Formannskapet sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2020-2023 er basert på rådmannen sitt framlegg, men med følgjande endringar/presiseringar:
 
  1. Avsetnad til disposisjonsfondet vert redusert med 100.000 kroner. 100.000 kroner vert sett av på berekraftfondet.
     
  2. Spørsmål om innføring av grense på 2 km mellom heim og skule for å få innvilga gratis skuleskyss skal takast inn som ein del av moglegheitsstudien som vart vedteken i formannskapssak 040/2019, jf. vedtak i kommunestyresakene 035 og 041/2019. 
     
  3. Eigedomsskatten vert ståande på 2,4 promille. Administrasjonen må til kommunestyremøtet 05.12.2019 vurdera den beste inndekkinga på dette. 



Dokument til nedlasting  -  framlegg til budsjett og økonomiplan 2020-2023: 


- Rådmannen sitt saksframlegg til formannskapet 14.11.2019 (PDF, 156 kB)

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2020-2023 (PDF, 10 MB)

- Vedlegg til rådmannen sitt framlegg: 


Andre budsjettdokument:

Budsjettframlegg 2020 frå kontrollutvalet (PDF, 580 kB)

Oversikt over bygg som får fritak etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a. (PDF, 114 kB)

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering