Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Ønskjer du å arrangera noko i Samningaveko?

49372177_663401074057355_2448611454459314176_o.jpg - Klikk for stort bilete  Meld frå innan 20. februar 

Gode arrangement treng litt planlegging. Ønkjer du å arrangera noko i Samningaveko? Start idémyldringa allereie no.

 

Veka opnar med Tyssedagen og dagsfestivalen Samningakraft 1. juni og varar til laurdag 8. juni. Me ønskjer at innbyggjarar og tilreisande skal få oppleva både gjesteartistar og lokal kultur i ulike delar av Samnanger. Me vil skapa møteplassar mellom bygder og generasjonar og håpar du vert med!

 

* Ønskjer ditt lag, din organisasjon eller di verksemd å laga til eit arrangement i løpet av Samningaveko? Meld frå til Samningaveko@samnanger.kommune.no for å vera med i programmet. Frist 20. februar. Det me treng å veta er type arrangement, dag og ca tid.

 

* Ønskjer du å stilla med stand/bod under Tyssedagen? Meld frå til Tysse Landhandleri på epost post@5650tysse.no.

 

Ta gjerne kontakt for spørsmål og innspel:

Send ei melding på facebook, skriv ein epost til Samningaveko@samnanger.kommune.no eller ring 56587400.

 

 

 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 15.01.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering