Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Ønskjer du å koma med innspel til plassering av dagsturhytta i Samnanger?

Dagsturhytta .JPG - Klikk for stort bilete  Frist for innspel til plassering av dagsturhytta er 1. november

Dagturhytta skal vera eit lavterskeltilbod som skal får fleire ut på tur og oftare ut på tur. Føremålet med dagsturhyttene er at turmålet skal vere ein stad å søkje ly for ver og vind, ete nista og vere ein sosial møteplass i naturen.

 

Hytta kan vere ein attraksjon i seg sjølv og skal innehalde eit nynorsk turbibliotek. Målgruppa for konseptet er heile befolkninga, men det er eit sterkt ønske om å nå barn og unge for å legge gode vanar for fysisk aktivitet, lese- og naturopplevingar. I tillegg er det eit ønske å nå dei delar av befolkninga som er lite fysisk aktive frå før. 

 

Turmålet bør ligga i rimeleg gå-avstand, dvs. om lag 25-45 minuttar frå startpunktet (parkering/busshaldeplass). Parkeringsplassen bør ha god kapasitet og det bør helst vere kort køyring handelssentrum, om lag maks 15 minuttar slik at flest mogleg kan nå denne innan rimeleg tid. I tillegg er det ein fordel med god utsikt.

 

Ein bør vere merksam på sårbart plante- og dyreliv, samt? kulturminne. Hytta bør ikkje leggast i allereie etablert stølsmiljø, då dette skapar estetisk konflikt. I tillegg må ein vere merksam på LNF-område og eventuelt søkje om dispensasjon frå dette hos Fylkesmannen.

 

Det er mange kriterier som vert lagt til grunn ved utvelging av dagsturhytte og ein vil oppleve at ein ikkje klarar å treffe 100 % på alle kriteria, men finne ei plassering utifrå ei samla vurdering og såleis må noko tilleggjast større verdi enn andre kriterier. Ein må heller ikkje sjå på alle kriteria som absolutte, men retningsgjevande for å kunne ta eit val om ei formålstenleg plassering.

 

Ønskjer du å koma med innspel til plassering av dagsturhytta?

Fyll ut dette skjemaet og send det til postmottak@samnanger.kommune.no. (Hugs å lagra skjemaet på eigen PC). Ta kontakt med kulturkontoret dersom du treng å få tilsendt skjema på papir. Frist 1. november. 

 

Dei innsendte opplysningane vert grunnlag for kommunestyret si handsaming av saka. Det er difor viktig at alle punkt vert svart på så godt som råd. Bruk gjerne vedlegg dersom det ikkje er plass nok i skjemaet. 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 25.09.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering